onsdag 2. juni 2010

Ein idyllisk stad....

Vi var på besøk til eit småbruk i bygda, som har lege tilgrodd i mange år. No har nye eigarar tatt over og gjort ein fantastisk jobb med rydding. Store delar av bruket ligg på mura terasser oppover.
Skogfiolen er så vakker.... og mange sortar blomar trivst veldig godt i dei varme bakkane.

I henga ovanfor er det også naturlege terasser, med mange fossefall. Som i ei eventyrverd!


Ville orkidèar var der mange av. Ein ser ikkje så ofte den mørkrosa typen her ikring.


Elva fører med seg ein kvit bergart som vi kan sjå som kvite småstein-strender vidare utover langs vatnet, heilt spesielt.

Dette er eit område med "helle-berg", så steinar for muring var ikkje vanskeleg å finne. Men tenk for eit arbeid nedlagd i alle dei murane! Og jorda tok dei ned frå skogen på ein løypestreng
og la utover terassene. Det var nok lange arbeidsdagar på den vesle garden...

Frukbløminga er i startfasen. Neste søndag er der sogevandring, då vert der nok flott.
Helletrakka kring husa, som nyss er gravd framatt, lyser i kvitt.

På ein liten avsats vaks ein spesiell sort liljer som ikkje eg kjenner. Større enn liljekonvall.

Så idyllisk ved denne fossen, med kulpen under og ei lita grasslette attmed ....

Berga ovanfor er som eit varmemagasin og folka her dyrka tidleg frukt av svært god kvalitet.








LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...