lørdag 30. april 2011

Rosemåling

Eg er medlem i ARV, som er ei eksklusiv lita samling av handverkarar frå Nordfjord.
Her er logoen vår, som eg var så heldig å få utarbeide!

Mitt bidrag der er rose måling i lokal stil, frå fylket her. Eg lærde målestilen hjå Alvhild Eldal i Viksdalen, som hadde teke oppatt den gamle målingstypen som var utbreidd her midt på 1800 talet. Til liks med meg tykte ikkje ho heller at telemarksmåling passa å drive med på desse kante!!





Sveipa skrin for t.d bunadsølv. Gamal nemning er Plagg-øsje.



Her er ein bolle som er dreia i rå ved, då får den denne spesielle skeive forma etter at den er tørr. Gamle bollar var ofte slik avdi dreiejarna ikkje var råd å få så skarpe tidlegare, og dreiinga gjekk mykje lettare i rå ved.


Eg fekk eit artig spørsmål om å kopiere ei gamal kiste, ein slektning i USA ynskte lik kiste som ætta i gamlelandet. Og eg vart sett tilbake til 1864..... Her er den gamle, og under den nye. Kunden var godt fornøgd heldigvis... og no er kista på plass i "det forgjettede land".







onsdag 20. april 2011

God påske : >)

Her er påskekyllingane som eg fann i gamle tøler..... litt falma, men ganske søte.
Ikkje kokbare egg...


Ein liten påskegjest har plukka vårblomar i farmor sin vase....


Riktig god påske til blogg- og facebookvener!


Her på garden er folketalet mangedobla no, familie, vener og hyttegjester nyt mildt vårvêr og skiturar. Snønipa har vore målet for ein sprek gjeng, andre kosa seg med kunstutstilling og dei minste var svært nøgde med å bli med på musikkbasar! Og i morgon er vi heilt klare for Grendahusbasaren....


Lukas er på musejakt så Måns tek velkomsten.... Dei to luringane er blitt store no og fekk så vidt prøvd seg i markedet før veterinæren kom, no tenkjer dei berre på påskegjestene sitt ve og vel...!


Snøklokkene stod klar når snøen forsvann.



Violane toler ei frostnatt...


Krokusen er i kjømda.... Det er ei herleg tid no framover, hold dagane fast!
















torsdag 14. april 2011

Gulna albumblad...

Inspirert av ei anna Aud som hadde lagt ut barndomsbilde på Facebook, kjem her nokre uskarpe kopiar frå mitt gamle album....

Brudebildet av mine foreldre er frå krigens dagar, bryllaupet vart feira på hennar slektsgard i Ese. Mor mi var frisør i byd`n, hjå Ernst i Vaskerelven, den salongen finnst faktisk framleis....! Far min var møbeltapetiserar ved ei møbelbedrift på Søfteland. Desse to sogningane møttest i Bergen.



Sveisen til mamma var nok veldig moderne sidan ho var frisør, og far min sin sveis hadde ho vel sikkert styla også...




Her er paret flytta til Amla, og blitt ein kjernefamilie med to born, ofte det vanlege i femtiåra.




Det nye huset er måla kremkvitt med mørkeraude lister. Det er nok nasjonaldag, og besøk av einkvan med fotoapparat... Min kjære bror er 6 år eldre enn meg, veldig snill og var tidleg mitt store forbilde!




Denne kjolen har eg i mine skuffer. Den vart påstrikka i livet, og var nok i bruk i fleire år.




Gyngehesten finnst framleis, hjå bror min sine barnebarn. Matrosdress på gutar, og sløyfe i håret til jentene var standard. Og oppi bakken står buret der det var høne med kyllingar mest kvar sommar. Ein gong vart eit hønsegg klekt ut i eit skjorareir, men med same kyllingen kom ut var katten der og tok den... Katten var eg glad i, men ikkje den dagen!




På "kaffitur"(som det heitte) med robåten utover stranda til Laugars-nes. Ser ut som ein god søndag med brusflaske i neven! Eg hadde fått permanent, "negerkrus" (hysj... heiter ikkje det lenger), ein sveis som nok berre var forbeholdt småjenter med frisør i huset ... Fotografen var nok Kjell, som fekk eit lite kamera til konfirmasjonen.



Eit typisk bilde frå mi barndoms/ungdomstid! Sommar var båt, fisking, bading. Bak i båten besteveninna Eli (eller var det du AnneM kusine som tok bildet?) badetøy, luftmadrass og oftast ein platespelar.... Det var ein mykje brukt sport å ro så nær ferjene som råd. Ja galne jenter fannst det før også!




























fredag 8. april 2011

Mohnkranz

Kva med ei kringle til helga...?? Mi oppskrift er slik: 3 dl mjølk, 1 egg, (pisk ilag med mjølka) 1/2 ts salt, 1 ts kardemomme, litt raspa sitronskal, 125 g margarin/smør, smelt (evt 1 dl olivenolje), 50 g gjær, 80 g sukker, 600 g kveitemjøl.(vèl eitt litermål) Lat heve godt opp.
Som fyll kan ein variere alt etter kva ein har eller likar. Enklast er t.d. rosiner, hakka mandlar, litt sukker og mykje kanel. Eller eplestykker, kanel og vaniljekrem... Veldig godt er tunnskorne marsipanstykker og rosiner som har bada i rom.... mmm


I dag brukar eg noko anna godt og litt meir spesielt. I blanding med Tine sin vaniljekrem passar det ypparleg med Mohnfüllung. Ein nydeleg mix/smurning med blå valmuefrø. Eg er så heldig å få tilsendt leveransar av ymse spesialitetar frå Schwarzwald, der eg har hyggelege stamgjester (og matspesialistar) buande... Veit dei sjekkar bloggen min, so vielen Dank Birgit und Uwe...!!

Kanskje vart du inspirert til å bake kringle... God helg i allefall :o))

Og vêrmeldinga seier sol i morgon...! Då vert det flott å vere ute å jobbe med ved. Også har vi her i bygda Breimskoret sin revypremiere å gle oss til om kvelden!!


søndag 3. april 2011

Søndagsfrokost...

Ein vakker morgon, litt overraskande sidan det var skikkeleg regn og rusk i går... Masse snø smelta og snøklokke-knoppar kom fram! Den fine rosebuketten fekk vi til helga, tusen takk, den er nydeleg i fargane!
Vi lagar frokost på glasverandaen og sola skal koma om ein liten straks, so fint det skal bli å ete i sola! Men vi er for tidleg ute i dag, sola kjem ikkje før halv ti.... so seinkoma er ho no, fordi vi har fått sommartid! Skikkeleg bakvendt seier no eg!!




Men når frokosten vèl er over, vert endeleg heile dalen og rommet forgyllt og eg kan nyte ein ekstra tekopp i sola :o))




Ha ein fin søndag!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...