torsdag 23. desember 2010

Gledeleg Jul

Julesnøen er på plass


Utsikt frå mitt kjøken



Ei julerose, i den einaste "dekorasjonen" eg har laga i år.


"Det er ikkje pakka og mat so e best, det er ikkje gløggen so varma mest.... Men ein ting ein ikkje kan ta i, nemleg tanken på dei ein er gla`i"
Det stod det på det fine sjølvlaga kortet som våre små nissevenner kom med i dag, tusen takk, det er vel julebodskapen i eit nøtteskall!

Eg har ikkje sju kakesortar, men ein kakeboks full av gode helsingar ! Takk for brev, kort og bilder!

Ei øsje laga av julekort. Denne fann eg i huset heime i Sogn, laga av meg sjølv då eg var lita jente!


Også eit juleminne, vi hadde tre ulike nissar, laga i finèr, som stod oppetter juletrestamma, dei andre to vart verande att i barndomslandet, denne vart nordfjording!























onsdag 22. desember 2010

Kransekake, med lys...!!

Årets jule-kransekake


Kransekake-dekorasjonen på eit gamalt radiokabinett under ei "farmar" klokke

Kransekakevitenskapen har vi forska på, og den kaka som ikkje var seig nok, vert sett opp.



Lillefinger-tjukke pølser og aluminiumsformer er best



Eit lausleg prøveoppsett....











søndag 12. desember 2010

Adventstemning i heimen...


Bonden si alternative bordlampe... Farga juletrelys i eit Norgesglas!

Takk for hjarte-kransen, tausa vår!


Papirstjerne frå 70 talet


Engelen som eg elska i min barndom, serveringsbrettet heng på veggen min no.





Adventstake frå tidleg 70 tal, med dei første som kom i sal. Arv frå gamletanta. Litt pynt har den fått på seg...

Alternativ julegardin på kjøkenet

Kos deg i Adventstida!!









tirsdag 7. desember 2010

Siste rosemåling før jul!!

Alltid litt stress med å bli ferdig med bestillingane til Jul....

Nesten ferdig kaketine, litt "patina" manglar

Nymåla "tulipan"-korg, skal tørke
Ferdig fat som passa attåt lysestaken min....!
Levert til årsmøte i Breim Bondelag


Startar på ny kaketine... Kunstnarfargen må tørke nokre dagar før patina og matt lakk










mandag 6. desember 2010

Eplemos-fabrikken!

Pressepla som vi kjøpte var litt lite modna til å lage eplemos av. Men no var dei klar, søte og go`!

Assistenten er trufast, med Aroma-epla så vidt koka mjuke går det unda, mos tyt ut og rusket kjem for seg. I den varme mosen rører vi kun 1/2 - 1 dl sukker pr liter, så på kartong og i frysen.


Gjenbruk av mjølkekartongar er bra, og så greie å stable. Mosen er berre nydeleg på skiva! Eller til kake, for ikkje å snakke om desserten tilsløra bondepiker...


Over 20 liter sylte og berre vel ein pakke sukker, då er det reine sunnheita!!


Ja,ja, litt oppvask vert det òg......!





søndag 28. november 2010

Isroser i den blå timen

Isroser strødd over heile Sandalsvatnet!
Bonden i driv over vatnet, han elskar å gå på skøyter. Der eg vaks opp, ved fjorden, var det aldri is, og i vaksen alder er det ganske vanskeleg å lære....

Eg "held meg til" sparken :o)) Litt ekkelt der eg ser botnen..... men isen er heilt trygg ,
og ekte stål-is, over 15 cm no




Mot elvosen. Det var brrr så kaldt å ta av seg vottane for å fotografere.... Men sjølv i 15 minusgrader går det godt an å vera ute ei stund, når ein berre er godt inntulla i ull! Og så herleg å koma innatt i varmt hus!


Fossen er heilt tilfrosen no, og kraftverket står.






mandag 22. november 2010

Dei siste solstrålar for i år....

Sola seier takk for seg, her på garden, når ho står i skaret mellom brèen og fjellet Vora den 20.november. Her er det vi først ser henne igjen òg, den 25 januar.



Det er lite snø her endå, men isen har lagd seg på vatnet denne veka. (Bonden har alt prøvd skøytene....)



Stilt og fredeleg i utleigehusa no, berre folk i "Håja", der ein nabofamilie held hus for vinteren, medan dei renoverer huset sitt.


I sola ser huset litt meir gult ut enn det er.... men vi er fornøgde både med den nye fargen og påbygga våre!


Både linden som fekk skade i vinter og den store fura har vi teke vekk no, det vart mykje lysare i hagen og i romma innanfor. Kjekt å plante små fine busker, men dei veks og tek fort både lys og næring.....














fredag 19. november 2010

Grisen er "omkomen"

Griseslaktinga er over.... og godt er det. Ikkje den kjekkaste dagen eg veit akkurat! (Tok slett ikkje bilder...) Men julegrisen var lukkeleg til siste slutt, øsen over å få koma "ut på luftetur" :o(( Nei, Bonden kvir seg ikkje for å ta griseliv!

Eg likar den betre når den er komen i fine bitar på kjøkenbenken, og kan putte pakkar med steiker og kotelettar i frysen.
Saman med lam-og reinskjøt vart det masse kjøtkaker, veldig gode, med muskat, kvitløk og chili.
Då Bonden hadde koka grisehovudet i kjellaren, laga vi sylteflesk også, med mykje nellik.

Sylteflesket ser ganske fett ut her utanpå, men då det hadde lege i salt eit døgn og eg delte det i stykker var det flott stripa inni. Med rikeleg krydder mellom stripene og tynt skore, er det nydeleg på mi rugbrødskive...! Helst også med raudbitar.


Dei minste lamma slakta vi til oss sjølve, her rett frå fjellet! Lammerullane tek eg løk og oregano inni, pluss pepar og salt sjølvsagt, den ligg også i salt eit døgn. Verdens beste pålegg!

Her vert lamme ribbene/pinnekjøtet tørka litt før dei vert hengt opp luftig.



torsdag 18. november 2010

Mitt 60-tals kjøken

På kjøkenhylla er bonden og eg på tur i Toskana..... De ser vi har nett gått ut av den lille turkise, og har termos med!
Radioen er heller ny, men i 60 tals stil.

Loppefunn som passar


Marlyn Monroe passar på kjøleskåpet og minner om at vi må halde på fasongen...!

Litt "nymoderne" vert det jo innimellom...
Etter fleire ommålingar er kjøkenet attende til den lysgrøne originalfargen.









LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...