torsdag 29. september 2011

Mikkelsmess

Mikkelsmess var i gamal tid ein viktig høgtidsdag, til minne om erkeengelen Mikael. Denne dagen markerte slutten på innhaustinga, no kunne det lett bli frost. Vêret i dag seier litt om korleis neste sommar skal bli... Då er vi riktig heldige, for meldingane slo til med varme vindar over området vårt !! Det vert ein travel dag, fleire plenar å klyppe, eit tak å reperere, hauste gulrøter visst det vert tid til det då.....  Kos deg, du som er så heldig å kunne jobbe ute!!

onsdag 28. september 2011

Indian summer?

Kan ikkje heilt tru det, men: Yr sitt meteogram for Byrkjelo seier 21 varmegrader kl 16 i morgon!! Eg er førebudd, føtene kan få sleppa ut or støvlane :o))

mandag 26. september 2011

Sandal gamle skule


Skulehuset er nymåla!!


Velkomen inn!


Salen oppe, utsikt mot Myklebust og brèen


Kjøkenglaset


Slik var skulepultane før i tida...


Gamle komfyren får stå der i kråna framleis....


Skuleminner


Sløyd utstyr


Til festbruk!


Klubbrommet til Snønipa 4H


Siste veggen vert måla



Fiks ferdig til Jubileumsfesten i 4H! Ekstra telt måtte opp for å dekke til 100 personar...!
 

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...