søndag 28. november 2010

Isroser i den blå timen

Isroser strødd over heile Sandalsvatnet!
Bonden i driv over vatnet, han elskar å gå på skøyter. Der eg vaks opp, ved fjorden, var det aldri is, og i vaksen alder er det ganske vanskeleg å lære....

Eg "held meg til" sparken :o)) Litt ekkelt der eg ser botnen..... men isen er heilt trygg ,
og ekte stål-is, over 15 cm no




Mot elvosen. Det var brrr så kaldt å ta av seg vottane for å fotografere.... Men sjølv i 15 minusgrader går det godt an å vera ute ei stund, når ein berre er godt inntulla i ull! Og så herleg å koma innatt i varmt hus!


Fossen er heilt tilfrosen no, og kraftverket står.






mandag 22. november 2010

Dei siste solstrålar for i år....

Sola seier takk for seg, her på garden, når ho står i skaret mellom brèen og fjellet Vora den 20.november. Her er det vi først ser henne igjen òg, den 25 januar.



Det er lite snø her endå, men isen har lagd seg på vatnet denne veka. (Bonden har alt prøvd skøytene....)



Stilt og fredeleg i utleigehusa no, berre folk i "Håja", der ein nabofamilie held hus for vinteren, medan dei renoverer huset sitt.


I sola ser huset litt meir gult ut enn det er.... men vi er fornøgde både med den nye fargen og påbygga våre!


Både linden som fekk skade i vinter og den store fura har vi teke vekk no, det vart mykje lysare i hagen og i romma innanfor. Kjekt å plante små fine busker, men dei veks og tek fort både lys og næring.....














fredag 19. november 2010

Grisen er "omkomen"

Griseslaktinga er over.... og godt er det. Ikkje den kjekkaste dagen eg veit akkurat! (Tok slett ikkje bilder...) Men julegrisen var lukkeleg til siste slutt, øsen over å få koma "ut på luftetur" :o(( Nei, Bonden kvir seg ikkje for å ta griseliv!

Eg likar den betre når den er komen i fine bitar på kjøkenbenken, og kan putte pakkar med steiker og kotelettar i frysen.
Saman med lam-og reinskjøt vart det masse kjøtkaker, veldig gode, med muskat, kvitløk og chili.
Då Bonden hadde koka grisehovudet i kjellaren, laga vi sylteflesk også, med mykje nellik.

Sylteflesket ser ganske fett ut her utanpå, men då det hadde lege i salt eit døgn og eg delte det i stykker var det flott stripa inni. Med rikeleg krydder mellom stripene og tynt skore, er det nydeleg på mi rugbrødskive...! Helst også med raudbitar.


Dei minste lamma slakta vi til oss sjølve, her rett frå fjellet! Lammerullane tek eg løk og oregano inni, pluss pepar og salt sjølvsagt, den ligg også i salt eit døgn. Verdens beste pålegg!

Her vert lamme ribbene/pinnekjøtet tørka litt før dei vert hengt opp luftig.



torsdag 18. november 2010

Mitt 60-tals kjøken

På kjøkenhylla er bonden og eg på tur i Toskana..... De ser vi har nett gått ut av den lille turkise, og har termos med!
Radioen er heller ny, men i 60 tals stil.

Loppefunn som passar


Marlyn Monroe passar på kjøleskåpet og minner om at vi må halde på fasongen...!

Litt "nymoderne" vert det jo innimellom...
Etter fleire ommålingar er kjøkenet attende til den lysgrøne originalfargen.









søndag 7. november 2010

Saft suse!

Nypressa eplesaft... herleg...!! då kan dei berre ha den finaste vin! Er den i tilegg pressa av Gravenstein er det himmelsk for ein eploman som meg :o))

Ikkje mange fruktbønder har Gravenstein lenger, men vi har heldigvis ein vi kjenner! I garasjen vår står ( eh... stod) ni store kassar friske syrlege fristande epler, uråd å gå rett forbi der... Er det kuldegrader flyttar bonden dei innomhus, men utatt med same det vert mildt, då held dei seg fint til jul, visst det er igjen noko då... (Jau, har nok vurdert eit kjølerom...)


Presseplene vart for det meste av Prins i år, safta blir litt søtare, men ganske bra likevel.


Dette er kjekt arbeid, her tyt det ut med gyldne dråpar! Vi er mellom fleire medeigarar i ei saftpresse som er bra mykje i bruk. Ein kan pastaurisere safta og tappe på flasker, men vi puttar den rett i frysen, tykkjer den vert best då. Safta er heilt utan noko tilsetjing.


Mjølkekartongar kan ein lett stable, det kan trengjast, for det vert trangt i frysarane no på hausten...!









LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...