onsdag 19. november 2014

Roser

  Fekk lyst å måle nokre søte små roser her ein dag...

Julemarked på Nordfjord folkemuseum den 6.desember, eg har tenkt meg attende dit i år.
.
Då må ein ha litt nytt å by fram, ikkje berre det gamle trauste og trygge. (Tekst på bollen; "Den som har begge beina på jorda, står stille!" det kan vel vera ei lita trøyst når ein let humla suse...)
                   















                          


søndag 16. november 2014

NOVEMBERLYS

Ein vakker morgon....!

Heile verda var rosa i dag tidleg, skulle tru det ikkje fannst noko vondt nokon stad...

Tykkjer det er berre i november det kan bli slik, det må vere noko spesielt med lyset på denne tida.



onsdag 12. november 2014

Ved det normale...

So er dagane heilt normale igjen.... dei normale dagane, då ingenting spesielt hender, dei er det flest av!! Kanskje er det bra slik. Vi har hatt litt frost i natt, og sola skin berre ei lita stund no.



Vatnet er også tilbake til det normale, naustet har fått land og strand igjen attmed seg

Dei sauene som har berga seg frå slaktebilen, og skal føra slekta vidare, kosar seg ute enn so lenge.

FLAUM, Okt 2014

Sandalsvatnet har vore stort mange gonger, men aldri så stort før.

Sitjeplassen ved elvemunninga er heilt under vatn....

Elva gjekk langt over sine bredder



Jordblanda overflatevatn strøymde inn i snikkarbua, shitt...  og vidare inn i vaskekjellaren, der er heldigvis betonggolv og god sluk.
Men  endå verre... også inn i 60 tals stova vår. Her vert platecover tørka opp, og andre ting som stod på golvet. Vi håpa det hadde gått bra... Men etter få dagar byrja golvet å bule opp, vatnet hadde  trekt ned under flisane, det var våte sponplater og huntonitt under, vi må få alt vekk.
Nokre bilder tekne tidlegare. Det er ganske mykje som må ryddast ut, før vi kan legge nytt golv.        Er berre glade for at vatnet kom på dagtid og at vi var heime, så det kunne begrensast så pass.
 

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...