torsdag 28. februar 2013

Endeleg eit lite PIP frå dalen...


Tenk no har eg fått meg PIP koppar....!!!  Det var julegåve frå oskefisen, som han visste eg ville bli glad for! Eg er jo koppefrelst, det veit de som kjenner meg, men oftast er det gamle koppar på loppis eg kjøper..... eller får.... eller "lånetek"!



Eg fekk to, også hadde eg bollen frå før, som bonden hadde gjeve meg. Vart så freista til å ha eit par til så det vart ein tekopp og ein kaffikopp attåt, då eg var på fine Sandane Glasmagasin. I same slengen måtte eg ha ny duk som passa koppane og mitt 60 tals kjøken... Praktisk voksduk no, ikkje noko å sei på det!



So no ventar vi på vår her i dalen. Tegninga er frå ei brosjyre eg laga ein gong. I dag er det mildvêr og sola har gøymd seg. Men jamen har ho vore flittig lenge no, og det var mest litt godt å kjenna eit lite vindgust og nokre regndropar i fjeset i dag...! 


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...