søndag 29. januar 2012

60 tals søndag

Rowe Ami 1962 og kronespel litt nyare


Dama i framgrunnen har bevegelege bein og vifte! Er altså eit askebeger,  kjøpt på Ekebergmarkedet.


Kaffiselskap i "bestestova"! Originale koppar og ditto "krudlekaker"...







Etter alle askebeger å dømme skulle vi vere storrøykarar!! Men den aktiviteten har vi ikkje teke oss verken tid eller råd til her i huset ...... Sigøynardamene i Charles Roka stil er blitt  ettertrakta no!

Mitt første fotoapparat, og pepita-ruta sko. Vore dansa mykje swing i dessa...!

søndag 22. januar 2012

Ein vakker søndag

Sola nærmar seg!! I dag skin ho både i Dåve- og Nilstunet. Berre eit par dagar til vi har henne her!

Det er nydeleg, ca 0 grader, litt vindgust, men i fjella ser det litt meir vindigt ut, snøen driv.


I skaret til høgre, ved den bratte veggen til Vora, der ser vi henne først.
 No ligg ho der bak og lurer... God søndag, vi må ut :o))

lørdag 21. januar 2012

Heng litt fast i 60 talet...

  Burde vore innlagd litt eggande Elvis lyd her ..... Jentene prøver å vinne litt i kronespelet.


Det vart ikkje nett ein millionær på meg då, men eg hadde no heller ikkje heilt likskap med, eller heilt same draget som desse damene.....!  Eg sa meg godt nøgd med ein kjekk "gods-eigar"...
 Serviettane fekk bonden med småtausene til jul " det  e slike so farfar likar...!"
 Han vart veldig glad for det, og dei må nok sparast til heilt spesielle høve.... 

So sant, so sant! Min velbrukte, alltid fulle, portomonè...!


søndag 15. januar 2012

Lys

Det vart så mørkt i vindaugskarmane då adventstakane vart nedpakka....  Eg måtte på leit etter noko lys... i 60 tals stova fann eg bonden si julegåve frå meg for mange år sidan, tulipanar med innlagd lys!!  Ein så harry bukett at den er morsom :o)  Særleg i den vulgære vasen!

Det gjorde susen! + Svart 50 tals tekanne...

Ein søt lysestake fekk koma opp også, passa attåt teak (design!-)stolen.

Litt gyldent lys kan passe... og ei anna av mine "nye" tekanner lurer seg med.


Astrid-lampa er ein favoritt og sjekk stativet til lys og snop! Slikt vart selt for fullt alvor på 60 talet...
Til å bli i godt humør av!
                          




torsdag 12. januar 2012

Magisk....


Så er julepynten pakka vekk for i år, i morgon er 20.dag! Både bonden og eg har alltid vore "julemenneske", vi har begge eit spesielt forhold til jula. Han samlar på, og set istand, gamle juletrelys, vi har ganske mange sett... " Sjå så magisk eit lys!" seier han alltid når han set på lyset i øsjene, og eg delar magien! Så må vi mimre litt om jula før, og slik stas det var då dei elektriske lysa kom i bruk.




Dette lyssettet er det eldste vi har, og sikkert eit av dei første som kom her til bygda. Onkel Edvard kjøpte det til foreldra sine då han var i hovudstaden i 1954. Vi fekk arve det til vår første jul  her på garden, og det er altså framleis i bruk! Det har berre ti lys, så vi må ha eit ekstra sett òg på trèet.


Tid for hausting! Englane mine, etter modell av Rafael, ser litt bekymra ut, for nålene som fell.... 

Min aller verdfullaste julepynt...! Dette er eit spir som vi hadde heime då eg var liten. Det var kome frå plassen der far min voks opp. Heime i Sogn hadde me nett pynta trèet og eg slepte inn katten min. Han vart så villt begeistra at han sprang heilt til topps i trèet og velta det heile.... fleire kuler knuste, men verst med det gamle spiret som misste toppen  :o(   Eg har no likevel samla på det.... og har same varme kjensla for det endå!


Romjula i år vart spesiell, vind med orkan i kasta og straumen borte i tre døgn her hjå oss. Men det var ikkje skader på hus og folk. Takk til dei som kom heim, det gledar oss alltid. Slike høgtider gjev også vemod, i mange heimar er der nokon ein saknar... Takk for brev og kort og fine blomar og eit godt nytt år til alle!  



mandag 9. januar 2012

Ut med jula!

Hjå oss varer jula nesten alltid til 20.dagen. Det er så fint med masse lys i denne mørkaste tida. Men for dei som har helde det gåande sidan november kan eg forstå at dei tek det ut før. Her er vår gamlaste juletrepynt, lekkja arva frå bonden sine besteforeldre, og desse kulene frå mine besteforeldre. Eg synest alltid det er litt vemodig å rydde vekk jula.... I allfall når juletreet held så fint på nålene.



Barnerommet er klart for neste innrykk av små gjester


Og ei god stund enno til våren....

torsdag 5. januar 2012

Nyttårsbarn

Nyårsnatta då vi kom heim frå feiring i Breimslia, var det komt to smågriser! Etterpå vart det elleve meir. Dette var faktisk den siste grisinga på garden, den siste svangre purka vi hadde.... alle er blitt levert i tur og orden denne vinteren. Rart og også vemodig, det siste kullet i ei gruppe på sju. I dag leverte vi  nokre mødrer og mange slaktegris, kun 12 igjen og ca 70 smågris som vert klar til påske. Ei tid for alt!  

Men nokre dyr kjem det vel til å finnast her, kattar for exempel!
 Takk for koselege sommarbilder frå gjestene våre!


Vertskapet får kanskje betre tid til gjestene heretter.... Ser ut som om Findus kosar seg i allefall!

Som bordpynt... men han er ikkje særleg glad i buksa si!



LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...