torsdag 12. januar 2012

Magisk....


Så er julepynten pakka vekk for i år, i morgon er 20.dag! Både bonden og eg har alltid vore "julemenneske", vi har begge eit spesielt forhold til jula. Han samlar på, og set istand, gamle juletrelys, vi har ganske mange sett... " Sjå så magisk eit lys!" seier han alltid når han set på lyset i øsjene, og eg delar magien! Så må vi mimre litt om jula før, og slik stas det var då dei elektriske lysa kom i bruk.




Dette lyssettet er det eldste vi har, og sikkert eit av dei første som kom her til bygda. Onkel Edvard kjøpte det til foreldra sine då han var i hovudstaden i 1954. Vi fekk arve det til vår første jul  her på garden, og det er altså framleis i bruk! Det har berre ti lys, så vi må ha eit ekstra sett òg på trèet.


Tid for hausting! Englane mine, etter modell av Rafael, ser litt bekymra ut, for nålene som fell.... 

Min aller verdfullaste julepynt...! Dette er eit spir som vi hadde heime då eg var liten. Det var kome frå plassen der far min voks opp. Heime i Sogn hadde me nett pynta trèet og eg slepte inn katten min. Han vart så villt begeistra at han sprang heilt til topps i trèet og velta det heile.... fleire kuler knuste, men verst med det gamle spiret som misste toppen  :o(   Eg har no likevel samla på det.... og har same varme kjensla for det endå!


Romjula i år vart spesiell, vind med orkan i kasta og straumen borte i tre døgn her hjå oss. Men det var ikkje skader på hus og folk. Takk til dei som kom heim, det gledar oss alltid. Slike høgtider gjev også vemod, i mange heimar er der nokon ein saknar... Takk for brev og kort og fine blomar og eit godt nytt år til alle!  



LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...