søndag 29. desember 2013

GLEDELEG ROMJUL!








So er det solsnu igjen og vi er alt midt i Jula ! Ynskjer alle mine gjester, og andre som måtte forville seg innpå her; Framleis Gledeleg Jul og eit godt Nyttår!! 

tirsdag 3. desember 2013

Bake kake...

"Nytt" nydeleg, gamalt kakefat....utan kaker!

Det må rettast på! Så er fruktformkakene klar for steiking...  Inneheld hasselnøtter, valnøtter, mandlar, mandellikør, rosiner, aprikos, sjokolade, fiken, dadlar, raspa sitron og dei raude bæra til slutt.   Kakene må helst godgjere seg no fram mot jul, innpakka i folie, men litt smaksprøver må ein no ta :))
 Coktailbæra er importerte....  Takk gode Ina for mange pakkar av dei!


mandag 2. desember 2013

Granium farvel!

Graniumsesongen er forbi... dei blømde fint og lenge ute. Eg brukar å klyppe dei ned når eg tek dei inn, so også i år.  Men ein del blomar sette eg i vatn for å nyte dei inne endå ei stund. Mange kom med røter så eg kunne plante dei! Har ikkje prøvd det på hausten før, trudde ikkje dei røta seg so lett på denne tida. Men slik kan ein ha store nye plantar tidleg på våren, so lurt :)) Treng ekstra lys sjølvsagt. Den kvite "Inger" er ny av året,  takk for den!




Legg til bildetekst

lørdag 23. november 2013

Midtsommar i november...!

Ein kunde ville ha ei markblomdekorert øsje! Lenge sidan eg måla det....
Kosar meg med ein sommarleg palett i november!

fredag 22. november 2013

Meisebolle

Vil dela med deg ein god ide`som eg fekk her om dagen.




Skjora er ganske rask til å riva sund nettet på meisebollane, men no får ho ikkje tak i dei!





Skjora får ete det eg legg ut til den! Ein rosinboks med to hol i, gjer god nytte!!

onsdag 20. november 2013

Ka i alle dage....??




Veslepus set store auge : Neimen... verda er blitt kvit!!

Dette må utforskast!
Smakar kaldt...


Nei, eg vil heller inn
                                              det er  kjekkare å klatre på kjøkkenskuffene!!



tirsdag 19. november 2013

VINTER I VENTE


På stien til Støyvastøylen. Vi ser innover mot Myklebustbreèn, Steinheia og Koparberjet


Støyvastøylen ligg berre ein liten times gonge frå Svoda, parkeringsplassen ved riksveg 60
Den fine doen, som er open for alle trengande!!

Vi var så heldige å få sjå reinflokken då vi kom tilbake
 Svoda og den flotte steinlagde stien som er ei fryd å fylgje!

lørdag 2. november 2013

I rute....

Høyrde nokon prata om at ein må starte med julegåvene no.......  men  her lagar vi nytt jonsokbål og neste års vintraved.  Slå den!!

Ingen godsaker på steinbordet ved vatnet i dag, berre olje for motorsaga!

Ein nydeleg dag til å arbeide med ved, og så fint her nede ved vatnet. Sola skin ei lita stund endå, og sjå selja som vi hogg;
grøne knuppar klar for ein ny vår!!!



"Kjærleikens ferjereiser"


I dag tek eg Edvard Hoem sine ord til mine!!!
Oppvaksen attmed ein traffikert ferjekai, 
elskar eg ferjene på fjorden ;)
Og når eg i tillegg har min kjære bonde med....! 
Denne idyllen kan du sjå ved fergeleiet Oldeide, ytst i Nordfjorden.
Ein nydeleg ferjetur mellom øyane der, mot Måløy.
Ein ferjetur er ei oppleving og eit stort pluss for turismen!! 












tirsdag 1. oktober 2013

Flott start på oktober


 So var endeleg dei raude stikkelsbæra modne!! Dei er ganske søte no som det har vore kjølege
 netter og varme dagar. Med bærplukkar går det fint utan å stikke seg ;))

 Og her i utkanten av kjøkkenhagen skal det bli litt solsikkefrø til fuglane framover.
Eg tykte det var ganske lurt å så solsikkefrø ilag med sukker ertene, så fekk dei stø kvarandre!


Med Gele Zucker, frå mine stamgjester Birgit og Uwe, vart gelèen stiv og fin. Vielen Dank!!




søndag 29. september 2013

MÅLØY


Eg likar å syne fram det fine fylket vårt, men oftast vert det inni landet vi held oss.
 Men her er Måløy, byen i Sogn og Fjordane!!! Vakker ligg den der, lunt på innsida av øya.
 For første gong kom vi hit med ferja, frå Oldeide, ei flott oppleving i nydeleg septembervêr.
. Til vanleg kjem vi over brua, som er eit landemerke for seg. 



 I Måløy er det `eit must` å ete fiskesuppe, og den var god som vanleg. Men aldri før har vi sete ute her på kaia i så stilt vêr!! Ikkje ein vindpust og varmt var det også....!
Måtte så klart shoppe litt sidan vi var på tur, så det vart litt både for auge og gane ;))







onsdag 25. september 2013

HORNELEN OG BERLEPORTEN


                  

Hornelen, 890 m, er ei majestetisk klippe på kysten, og eit berykta heksefjell!! "Ein kvileplass for heksene på høgste havklippa i Europa"  står det i boka Opptur Sogn og Fjordane.

Det er to kjende ruter om du vil gå dit opp:
enten frå Hunskår ved Skatestraumen, eller frå Lisete i Berle.
Frå sjøsida ser det umogeleg ut, men det er sagt at Olav Trygvason kom seg opp der, og den kjende fjellpioneren Kristian Bing klatra der i 1897, saman med den lokal bonden Anders Jeremiassen.


Vi prøvde så vidt den nye flotte vegen gjennom Bortne, der er ny tunell no, så ein  kan koma
lettare til kommunesenteret Svelgen. Bildet over er tatt ved butikken i Leirgulen, så idyllisk der.
Etterpå valde vi Berleporten!!!
Komen der igjennom opna det seg eit nydeleg bilde, ein smal liten fjordarm  med ein smal liten veg ikring. Du kan køyre  ut mot Berle, og lenger, eller på andre sida mot Berleneset.
Der er romantiske stabbesteinar langs fjorden, men fast dekke på vegen.


Her ser vi over mot Berleneset og foten av Hornelen t.v. i bildet, der stien går opp frå Lisete.
Ynskjer å gå dit opp ein gong....!


mandag 23. september 2013

Kalvåg


 


 Nokre fantastisk flotte dagar hadde vi på kysten denne veka!
Knuteholmen i Kalvåg, var ein verdig vinnar av reiselivsprisen for fylket vårt.
GRATULERER!!
 Eit "hotell" som består i mange forskjellige restaurerte bygg kringom den vesle vågen,
 vi budde i den gamle sparebanken!
 

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...