tirsdag 30. oktober 2012

Vinter i oktober

 Sandal gamle skule
 Reiatunet, Dåvetunet og Nilstunet
 Det første skulehuset i dalen, no feriehytte.
 Reiatunet
 "Auds feriehus"
Litt kaldt so tidleg,,,

torsdag 25. oktober 2012

Utfordring på Sandalstøylen

Brua til Sandalstøylen  fekk store skader på fundamentet, etter  fleire store flaumar siste år. No når endeleg vasstanden er blitt lågare, kan ein sjå kor brèelva har greve ut under brukaret. Vi hadde håpa at elva skulle minke såpass at der er råd å forskale og støype på nytt. Sjølv om betongen skal kome ferdig med helikopter, er det ei utfordring med bygging der ein er utan veg og straum. 

Karane jobbar med å få vekk store steinar som har lagd seg midt i elva og fører straumen bort under brukaret, det er både glatt og kaldt.....
  
    Tøffe tak...

Vakre Sandalstøylen i haustskrud
Eg er anleggskokke i selet, held fyr i omnen og serverer varm mat!!! Også viktig.
I skrivande stund snøar det diverre, skulle kome ein del i dag og i morgon, så då vert det  ein førebels stans i prosjektet med brua.  

Brua vart frakta opp att med helikopter for 20 år sidan, då ismassar førde den med seg ned mot fossen. Jarnkonstruksjonen vart heva på støypt fundament, så vi har ikkje lyst å misse den igjen....Den har sidan stått for både orkanar og store snømengder!
Brua er til nytte for mange her ved innfallsporten til vestleg del av Jostedalsbrèen Nasjonalpark. Dei som går i fjellet tek det gjerne som ei sjølvfylgje med bru over elva, og tenkjer kanskje ikkje over kor mykje arbeid mange grunneigar har for å legg til rette for ferdsel.









onsdag 24. oktober 2012

Rydding i kulturlandskapet

Vakre haustdagar vart nytta til rydding i busk og kratt

Slikt arbeid er kjekt, sikkert mest fordi det syner att!!



Bjørka og alle furene ved naustet fekk seg også litt barbering...

fredag 19. oktober 2012

tirsdag 9. oktober 2012

Gyldne dagar



Den  siste veden etter Dagmar si framferd skal i hus!! Vi har også nyleg rydda i utsikta vår mot vatnet, så det vart ekstra mykje ved i år....

Nei, veden skal vi ikkje spare på, seier bonden min, det er nok av skog som skal vekk her i landet!!
 
Vedkløyvaren er ei fin oppfinning...

Utsikt over Sandalsvatnet,  i retning Byrkjelo

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...