onsdag 30. april 2014

Vedlikehald... igjen og igjen

Det har vore eit flott vêr til å måle glaskarmar i!  Når glasa er kobla og dei var umåla inne,er det eit ganske seint og pirkete arbeid....! Då Jennyhytta vart påbygd og restaurert sist på nittitalet, fekk ein  ikkje kjøpt ferdigmåla karmar, og så var det jo så koseleg hyttestemning med trekvitt, i søkk og kav...... Lause sprossar er enklare å måle, men fy for noko drit å halde reint. Støttar "Sprossa" der!  
Her er siste glasa måla inni, puh! Veggen var blitt ganske matt og fekk eit nytt strøk den også, bonden er rask med målarkosten! No er nytt tak også kome på, så det kjem seg.

Legg til bildetekst
Utsikta mot Eggenipa og Vora er fin, og vi har kosa oss med niste i sola. Ein del meir arbeid står att både ute og inne, men no vert det vel å jobbe heime på garden ei stund. Med både ved og våronn.

Legg til bildetekst

mandag 14. april 2014

GOD PÅSKE

Her er rosene frå morsdagen, dei stod til dei vart heilt tørre...! Gåsungane (eller " palmekattane" som dei faktisk heiter her i Breim...!) plukka eg ganske tidleg i vår og let dei stå utan vatn. Dei held seg slik. Utsprottne gule gåsungar er nydeleg ute, og på bilde, men ikkje inne i huset... 
til det er desse betre.
På garden er dei fleste påskegjestene komne no, det er så kjekt. I natt har det endåtil kome snø!
GOD PÅSKE TIL ALLE


lørdag 12. april 2014

Retrostol

Bonden, som kan litt ymse, har nyleg trekt om denne "tantestolen". Vi har etterkvart kome til at tantene hadde mange fine ting!! ( På 70 talet, då vi sette bu, kunne ikkje møblane bli kraftige og klumpete nok....!) Det var ingen av slekta som ville ha denne stolen, men bonden såg potensialet. Den er kjøpt i 60 åra, liten og nett, og er nok laga på ein av dei mange møbelfabrikkane på Møre.

Stoffet fann vi på Marias Hus i Førde, plysj på eit litt tettare botnstoff i ull. Den er noko meir turkis enn det ser ut her på bildet. Og fargen skifter alt etter kor lyset kjem på stolen.

Vi fann ut at den passa på glasverandaen, men den får nok kome ned i 60 tals stova etterkvart. Der har han ein liknande stol, som skal få same stoffet. Eg tykte den vart riktig fin!! All skryt til møbeltapetiseraren.... som faktisk har trekt om meir krevande prosjekt enn dette!


fredag 4. april 2014

TA EI POTET

 Her var det sommar og grilling. Potetsalaten er blålilla! Potetsorten Blå Kongo fekk eg hjå ein nabo, som igjen hadde fått den frå  Fitjar. Dit hadde den kome med ein båt frå Russland. Nokon stor produksjon har det ikkje vorte her, men eg tykkjer det er artig å servere denne poteta! Smaken er som ei vanleg potet.
Slik ser poteta ut, ganske mørk og vanskeleg å finna igjen i åkeren!! Skrelt ser den flekkete ut, men kokt er den heilt blålilla.
 I går hadde vi spekesild til middag, og ein slik fargeklatt gjer seg på tallerken, ilag med kål/gulrot stappe og rødbetar!

 Kan og friska opp ein litt fargelaus  fiske-suppetallerken...

onsdag 2. april 2014

Ei hagl byge

I kakeboksane var det tomt, nei jula varer ikkje heilt til påske...! Kjekt å ha sjokoladeskorper på lur, og spesielt med hagl på! Har bruka perlesukker på dei før, men no måtte eg prøve hagla som eg har fått med tyske gjester. Eg er så heldig å få forsyningar med litt av kvart lurt, frå ymse verdenshjørne! Desse er frå Birgit, som bur i Schwarzwald, og ferierer i Sandal kvar sommar.

Sjokoladeskorpene er eit godt og enkelt alternativ til kjeks eller noko anna søtt. Dei er nesten "sunne", med mykje kakao og lite sukker. Kanskje har eg blogga oppskrifta før, men kan ta den med: 5 dl kveitemjøl (noko kan gjerne vere finmale grovt el. små havregryn) 2ts bakepulver, 4 ss kakao, 100 gr smør, 2dl sukker ( gj halva sukrin) 2 egg + eit til pensling.
Pisk egg og sukker, smelt smøret, bland i det tørre, og elt ihop. Del deigen i fire, trill ut kvar del til ei pølse som passar med lengda på steikebrettet, trykk dei litt flate. Pensle med egg og strø på perlesukker, hakka mandlar el det du likar. 225 gr, 10 min, midt i omnen. Avkjøl litt og skjær på skrå med ein skarp kniv.
Med ein fin kopp til te eller kaffi, vert det ei lita feststund når nokon stikk innom! Sjekk forresten min aller nyaste gamle kopp......! ( Frå Ingvilds brukt porselen, Byrkjelo)


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...