torsdag 24. mars 2011

Vårleg helsing....

Eg har ikkje funne overskotet til blogging i det siste..... det har helst vore tragiske hendingar i verda og i fylket som har teke førsteplassen. Men no må eg berre sende ei vårleg helsing til vener og kjende!!
Det er faktisk fleire veker sidan eg fann gåsungar, eller pusekattar/labbar eller sogar palmekattar (her i Breim seier dei det!) Kjært barn...osv Eg fann dei i Bergheimsteigane ved Almenningen, der er det tidleg vår. Der er ein nydeleg plass å gå tur på om våren, mens snøen endå ligg tjukk hjå oss her i dalen. Lukta i furu skogen er berre heilt herleg spør du meg...!

Ei rose til deg i dag, som er innom bloggen min i blant!! Ikkje så ofte eg finn kommentarer her, men ser jo av teljaren at eg har ca 100 besøkande i veka, og *da e eg no øye gilde for!!*
Eg har blogga i vel eit år no, og det byrjar vel å bli litt kjedeleg.... så eg antyda over for familien at eg kanskje hadde blogga nok, men då fekk eg høyre at : "å, nei...! det er jo som å få brev heimanfrå !!"
Og det er jo ein grei måte å "skrive brev" til mange på, så då held eg no fram ei stund til!


Eg sluttar av med eit bilde av småjentene, som vi besøkte i helga (før uvêret sette inn på Vestlandet...) Ved Lysefjorden var det nydeleg og vårleg. Her var vi på tur til Lysekloster, og hadde elles ei svært koseleg helg, og leika oss mykje!







søndag 13. mars 2011

Grautmål

Eg vil slå eit slag for grauten i dag! Graut er så sunn og lettvint mat....! Bonden pla ha litt bygg i grauten til småjentene og det likar dei godt, både i "smile-grauten" (semule-) og i havregrauten. Vi må ha farfar sitt mjøl...! seier deiDet byrja med at bonden hjelpte ein eldre kar, Johan Bjørnereim, med eit prosjekt som han hadde på gong ilag med barneskulen. Dei dyrka ein liten bygg-åker, så fekk dei igong eit gamalt truskeverk og sidan vart bygget male i eit kvernhus, som Johan hadde sett opp attmed huset sitt. Og på skulen vart det både baka flatbrød, laga kompar(raspeball) og koka graut!

Litt av mjølet kom også oss tilgode... både lukta og smaken av mjølet var heilt nydeleg!
Eg hadde aldri aldri smakt dette før. Og bonden kunne kose seg med å koke slik graut som han hadde ete så mykje som barn! Der på Bergheim dyrka dei bygg heilt fram til 1968.


Det heimelaga mjølet tok ende, Johan er diverre også borte, så no nøyer vi oss med bygg frå Volda mylne. Men du ser at eg har fått meg nye manualar, gått opp til 2 kilo! Før har eg bruka steinane de ser i morteren min, dei er som luft no...! Bygg byggjer musklar!!


Etter grauten må vi ha litt frukt.... også for fargen sin del.... Vel bekomme!



lørdag 5. mars 2011

Mars og VÅR

Ja, det e r vår når vi er komne til Mars, det er den første vårmånaden! Skulle gjerne sett at det såg slik ut no framfor huset vårt, men sanninga er ei anna!!
I natt og i dag har det har snøa igjen...! No når vegen mest var bar, snøen hadde minka og det har vore varmegrader i fleire dagar.... :o((


Dette vert neppe dei siste snøbilda på bloggen min denne våren!


På støylen er det ganske mykje snø. Bildet er teke for nokre veker sidan (takk, Kristin!) Selet vårt, i midten, har snø opp til taket og det ser no lunt og fint ut!! Desse små husa er sterke og kompakte og har tolt meir enn dette, gjennom fleire hundre år. Når berre bonden omsider får kjøpt seg nye fjellski, skal vi nok innover....
Eg er ikkje fødd med ski på beina, men med mine smørjefri går det susande ( susen kjem ikkje av farten akkurat...!)

På breèn har eg faktisk vore på ski.... men på Snønipa (toppen bak, ca 1850 moh) har eg vore kun på sommaren til fots. Å ja, sjå her, det er no vakkert når det er sol og snø!




LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...