Å du vesle kjære apalen vår, som har sådd seg sjølv..... aldri har du vore så vakker som i år!!!! |
Du angar so fantastisk at eg drøymer meg vekk til mi barndoms fruktbygd ved Fjorden... |
Langs vegen er det blitt rydda skog dei seinare år. Så fint kan det gjerast! Skjeldan å sjå ein slik fin bjørkeskog. Grethe og Nils R sitt beite. |
Dette er lada (låven) på Samel- plassen. Her budde eingong så flinke smedar, at dei stod seg betre på denne vesle plassen, enn bøndene i Sandal med langt større gardar. Eigar no er Roger. |
Dei fine fjordhestane til Else kan ein treffe på. Dei ville gjerne gå ilag med oss, så om eg hadde vore aleine var eg ikkje så høg i hatten....! Men dei er veldig snille og veloppdregne. |
Om det er vått vert det litt skittent her i vegen av hestetrakk, og før Inste Torheim er eit parti med småbusker i vegen. Frå Inste Torheim og utover mot den andre Torheimsgarden er vegen veldig fin. |
God tur!! |
Ved eine muren er ei fordjuping som eg pussa mosen av og laga til ein liten sitjeplass. |
Arbeid med gjerde høyrer våren til! Både bonden og eg tykkjer det er veldig kjekt å vera i skogen. Her er det 50 m gjerde som vert skifta ut og må vera i orden til sauene skal i markja. |