lørdag 31. mars 2012

GOD PÅSKE !

Dei søte primulane fekk seg nokre kalde grader i natt....

Bålpanna er blomestativ enn so lenge, men no vert vi mange i garden så det blir nok pølsegrilling....!


Mindre heldigt for dei som ikkje er under tak.... slik er her i dag!


Einaste fonna av gamal snø fekk også fornye seg litt!
 I restane etter snøhytta her frå vinterferien fann eg diverse skattar...

Det ser ut som at det er slik påskevêret skal bli her, litt snø og litt sol. I skrivande stund skin faktisk sola rett so  fint!!
Feriehus og gjesterom er klare for innrykk, det  er mange små og store som er på veg i dag, så no må ei stor matagryte gjerast ferdig.....!
Vi har diverre ikkje fått sendt nokon påskehelsingar i år, så eg håpar nettopp du ser dette.......
Høgtidene er vanskelege når ein saknar nokon, men ynskjer at alle likevel kan ha det fint ilag med sine. Go`påske!

tirsdag 27. mars 2012

Nyte det...

Det har vore ein flott dag med høge temperaturar!!  Eg let "viktige" ting skure og har jobba ute (med kortarma :o))  i heile dag, herleg! Ser på Yr at no blir det regn og endåtil snø her ut i veka... så då vert det vel ei kortvarig bløming på krokusen  :o(


Men her er ein som ikkje tek sorgene på forskot..... Det gjeld å nyte nuet!



søndag 25. mars 2012

On the road again...



Triumfen fekk sleppa ut på sin første vårtur!! Vakre Breimsbygda med Eggenipa midt i bildet....

Bonden ved sitt barndoms fiskevatn og sin draumebil!!  TR3, 56 modell, jmf. skiltet!



Fjellet Vora, på "framsida" seier dei her, men for Sandal er det baksida!!


Denne engelskmannen har rattet på venstre sida

Vi ser gryta på toppen av "Grytesteinen", ved Bergheimsvatnet 


"Bryjnnen", der hestane fekk drikke seg utyrste i gamle dage. Men TR3`en vil ha sterkare saker...!

Brønnen var også eit turmål for småungane på Bergheim.    " Inn t brynnjen å drikke vatn!"
 No er nok trafikken litt for farleg der forbi..

Tidlegare Egge Hotell


"Bakka" på Egge, der er det slektsrøter på morssida

Bonden fekk bilsmykke til jebbusen,  laga av Øvrebø smykkeverkstad, men han tegna det sjølv!

torsdag 22. mars 2012

Kaupanger stavkyrkje


Mi kjære dåps- og konfirmantkyrkje, bygd i år 1190. I mi barndomstid var den kvit og med mange vindauger sett inn under ei "modernisering" i 1872. Restaurering pågjekk frå 1959 til 1965. Kyrkja framstår no omlag som den gjorde på 1600 talet, då tårn kom på taket 
 
Me ser, frå den nyaste delen av gravstaden, inn mot Amlabukti.

Mine foreldre og besteforeldre ligg i den eldste delen. Døypenamnet Peder Amble vart til Per Hestehagen,
dei trong visst ikkje søke i dei dage om å ta eit namn som høvde med buplassen. Bestemor mi døydde før eg var fødd, men besten hugsar eg godt. Han var ein flink forteljar som eg elska å høyra på. 

Dette er den største stavkyrkja i fylket, med 125 sitjeplassar.  Ho må vel seiast å vera litt i skuggen av juvelen Borgund stavkyrkje, og dronninga på Urnes, som også er på verdsarvlista....
Men Kaupangerkyrkja har ei spennande historie og få kyrkjer har vel gjennomgått så store endringar som denne bakover i tida. Ein meiner det har vore to kyrkjer på same staden før denne. Stolpehol vart funne etter eit lite gudshus frå 1000 talet. Kyrkja etter den meiner ein vart brend, eller i allefall fekk hard medfart, då kong Sverres menn herja her og sette fyr på heile `Kaupstaden` (handelstaden som låg her i bukta) i 1184
Inne i kyrkja er gamal dekor kome fram att i restaureringa, bl.a. ei såkalla "neumer", ei eldre form for notelinje, ei hymne måla direkte på veggene i skipet. Geir Tveitt har arrangert melodien for kor, den vart framførd i 1965. Hymnen finnst i den nye salmeboka, nr 197 

Ein trufast tenar her, min lærar og eit fantastisk menneske, Anders Bødal, vart sett til kvile på denne gamle kyrkjegarden for to dagar sidan. Han var mirakelguten som 12 år gamal overlevde Lodalsulukka, den store flodbylgja etter steinraset i 1936. Han misste foreldre og dei syskin som var heime. Grendene Bødal og Nesdal vart raserte og nærast folketome. Over 70 menneske omkom.
Det var dørgande stillt i klassa vår, og me fekk tårer på kjaken, då han fortalde oss om dette.
Gravferda var frå Stedje Kyrkje, hovudkyrkja i soknet, den har ca 500 sitjeplassar og var omlag fullsett. Signe minnet til vår kjære lærar.




lørdag 17. mars 2012

Rydding etter Dagmar

Dagmar rota litt i skogen vår... Denne veka har det minka såpass på snøen at vi kom igong her.

Denne skogen som veks i ei urd burde aldri vore planta.... Steinar så store som hus, og lite feste for granrøtene.... Men på femtitalet fekk ungane fri frå skulen for å plante over alt!! Då var prisane gode på tømmer, men no vert skogen ståande.

Varmegrader og sol gjer det kjekt å vera ute! Vi ser skogen i Urda i bakgrunnen.



Det er blitt nesten heilt bart kring husa og krokusen står klar...!
På kjøkkenet har den sorte gryte jobba på eiga hand ! I dag er det svinekjøt med rosmarin, mmmm
 smakar godt når vi har jobba hardt! God helg!!

onsdag 14. mars 2012

Morgonstemning

Ein disig, men fin og mild vårmorgon ved Sandalsvatnet, her austover mot brèen.

Vakna i dag av songen til svanene. Dei kosa seg i den opne råka ved land, og fekk vera i fred for meg.

Så det vart berre litt sooom, og ei heller uklar forstørring på PCen, til ære for deg!! Songsvanene har sitt "syden" her i området, og tek nok snart til på turen attende til Nord Russland, der dei hekkar.
 Men veldig kjekke gjester er dei å ha vinterstid og no utover!!

Og slik ser her ut på ein dag som denne. Løkblomane står ventande og berre trippar....!!

lørdag 10. mars 2012

Eit solglytt!!

No blømer dei fine løkplantane vi fekk sist tausa vår var heime, dei luktar himmelsk....! 


Eg tykkjer dei små orkideane er veldig søte...

Ute i eit lunt bed er det såvidt begynnt å blomstre

Ei einsleg julerose dukka også fram på ein bar flekk!

Mest ser her slik ut....! På bøane ligg det kvitt, berre kring husa byrjar det å bli bart. Men lyst er det!

søndag 4. mars 2012

I helleberget

Søndagsturen gjekk til helleberget i Almenningen i dag! Eg elskar furuskogen der, lukta av den, og på våren vert der tidleg bart. Det er berre eit kvarters biltur unda. Bergheim har skogsteigar der, difor har vi vore der mykje. Huset vårt har tømmer derifrå, og utallige bærturar har gått dit.
Området er fullt av kulturminner då her var ein stor industri med kamping av heller til tak, trapper og steinbord. Minner etter den tida finnst her rikeleg av enno.
Ryssdalshorn er det majestetiske fjellet vi ser derifrå.

Små idyllar er her mange av

Steinheller ligg her i dungar, dei ligg godt.... det er for langt og tungt å bere dei derifrå! Tidlegare var her små taubaner og hestane, som var til arbeid i den tida, tok seg fram på bratte stiar.

Utsyn over Breimsvatnet til Reed og Kandal

Ei av dei vesle tømmerhyttene, som arbeidarane sov i, er som eit musèum no




Dei fine rosekoppane uten hank....

Her er mønstrene til lappheller og til dei firkanta takhellene

Mange slike kampebord kan ein sjå.

Redskap til kampinga, alt for hand. Men til å sprenge ut berget vart det nytta dynamitt.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...