torsdag 22. mars 2012

Kaupanger stavkyrkje


Mi kjære dåps- og konfirmantkyrkje, bygd i år 1190. I mi barndomstid var den kvit og med mange vindauger sett inn under ei "modernisering" i 1872. Restaurering pågjekk frå 1959 til 1965. Kyrkja framstår no omlag som den gjorde på 1600 talet, då tårn kom på taket 
 
Me ser, frå den nyaste delen av gravstaden, inn mot Amlabukti.

Mine foreldre og besteforeldre ligg i den eldste delen. Døypenamnet Peder Amble vart til Per Hestehagen,
dei trong visst ikkje søke i dei dage om å ta eit namn som høvde med buplassen. Bestemor mi døydde før eg var fødd, men besten hugsar eg godt. Han var ein flink forteljar som eg elska å høyra på. 

Dette er den største stavkyrkja i fylket, med 125 sitjeplassar.  Ho må vel seiast å vera litt i skuggen av juvelen Borgund stavkyrkje, og dronninga på Urnes, som også er på verdsarvlista....
Men Kaupangerkyrkja har ei spennande historie og få kyrkjer har vel gjennomgått så store endringar som denne bakover i tida. Ein meiner det har vore to kyrkjer på same staden før denne. Stolpehol vart funne etter eit lite gudshus frå 1000 talet. Kyrkja etter den meiner ein vart brend, eller i allefall fekk hard medfart, då kong Sverres menn herja her og sette fyr på heile `Kaupstaden` (handelstaden som låg her i bukta) i 1184
Inne i kyrkja er gamal dekor kome fram att i restaureringa, bl.a. ei såkalla "neumer", ei eldre form for notelinje, ei hymne måla direkte på veggene i skipet. Geir Tveitt har arrangert melodien for kor, den vart framførd i 1965. Hymnen finnst i den nye salmeboka, nr 197 

Ein trufast tenar her, min lærar og eit fantastisk menneske, Anders Bødal, vart sett til kvile på denne gamle kyrkjegarden for to dagar sidan. Han var mirakelguten som 12 år gamal overlevde Lodalsulukka, den store flodbylgja etter steinraset i 1936. Han misste foreldre og dei syskin som var heime. Grendene Bødal og Nesdal vart raserte og nærast folketome. Over 70 menneske omkom.
Det var dørgande stillt i klassa vår, og me fekk tårer på kjaken, då han fortalde oss om dette.
Gravferda var frå Stedje Kyrkje, hovudkyrkja i soknet, den har ca 500 sitjeplassar og var omlag fullsett. Signe minnet til vår kjære lærar.




LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...