tirsdag 31. august 2010

Høgare temperatur i vente!!

På vår lokale gradestokk har det lege på "so det pla" ei tid.... Men no gledar vi oss til varme igjen, dei har no lova det på Yr i jalfall.....

Overraskelse!!

Denne nydelege gåva til reseptionen, ei handlaga "Tiffani"-lampe vart oss til del nyleg!!

Vielen Dank, Uwe und Birgit fûr die Uberraschung! Wir freuen uns sehr ûber die schöne Lampe, grüss zu dein Broder, ein Kunstler und Handwerker!

Birgit og Uwe frå Schwarzwald ferierer her for 9.gong i år.





Mitt gamle porselen har fått plass i nytt skåp, saman med sengetøy og handklede.



Rosefat frå ei svigerinne og mugge frå min bror vert sett pris på også!!







Dette var julegåva mi frå ei veninne, den var og tiltenkt reseptionen, takk igjen :o))



Den nye gjestedoen har vore flittig i bruk !








søndag 29. august 2010

Fjærland, bokby og brèmuseum

Alltid koseleg å ta ein tur til Fjærland, ein liten times køyretur. Her er den minste bokhandelen!

Fint lite sentrum ved fjorden, omkransa av høge fjell og flotte brèarmar.


Små skattar å finne i dei mange bokutsala.



Barnebøker i eit gamalt fjøs!




Der er mange små idyllar...





Norsk Bremuseum er eit opplevingsenter om is, brèar og landskap, og er vel verd eit besøk.

Der kan du sjå Ivo Caprino sin film frå brèen på 180 graders filmlerret og elles bl.a. oppleve ein tur innunder ei brètunge!




Den turkise fargen er frisk og innbydande!




Ein fin kafè ligg under denne brèarmen.








LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...