mandag 30. mai 2011

Briksdalsbrèen

Det er alltid kjekt å ta ein tur til Briksdal for å sjå korleis brèen endrar seg. Denne brèen er ganske smal og reagerer difor fort på snømengda oppe på platået. Oppe på brèen kan det gjerne kome 10 meter snø i løpet av ein vinter, og då vil presset tvinge armane framover, slik veks den eller minkar med snømengda. Dei siste åra har den blitt smalare og vatnet framom er igjen synlegt, slik det også var på 70 talet då eg var der for første gong.


Som du ser ligg ikkje Briksdal og Oldedalen så langt frå Myklebustdalen i luftline, men Myklebustbreèn ligg imellom. Det tek litt over ein time med bil frå oss. Også ein liten time å gå opp til brèkanten. Briksdal er ein av dei mest besøkte turist attraksjonane i landet.


I Olden ligg det ofte turistskip, slik også denne søndagen. Det var mange japanesarar å møte på veg til brèen, i ulike vandringsantrekk... alt frå fullt fjellutstyr  til kjole og høghæla sandaler...

Oldenvatnet låg stilt og fint, vi hadde ein pause med middaglaging her.


Den fine grusvegen oppover er god å gå. Før var det hesteskyss her, men etter eit par ulukker med at hesen vart skremd og sprang ut, er det no dei sokalla "Trollbilane" som har tatt over skyssinga av dei som ikkje kan, (eller vil) gå sjølve

Dalen er flott og dramatisk. Her er det råd å få seg ein dusj i det ein passerer brua! Fossen er ikkje på det største  nett no.

Eg synest det lignar på ein trollgubbe som har kasta steinar nedover! (sjå ansiktet i øvste del av utrasinga...) Stien måtte leggast om pga dette raset for eit par år sidan. Kjempestore steinar dundra nedover, heldigvis før turistsesongen tok til. 

Det er ikkje klatring el tur på denne brèarmen lenger, den er for bratt og utrygg no.

Delar av vegen kan ein velje å gå på mindre stiar, her er vi på veg nedatt
 
Det er ein flott stor souvenirbutikk og kafè/restaurant ved parkeringsplassen, dette bildet er frå fjorårsturen, då tausa og sambuaren var med. Eg ser no at vaskedama på kafèen har gløymt bytta si midt på golvet!! 



Utsikt frå kafèen til  fjellpartiet der ein kan kome ned om ein går på beina til Briksdal frå Stardalen, gjennom Oldeskaret. Ein flott tur, med ei spennande og svært bratt nedstigning.


lørdag 21. mai 2011

fredag 20. mai 2011

Som du sår skal du hauste...!

Såtid
Desse klokkene er årvisse, dei mørke er fint sjakkruta. Hugsar ikkje namnet i farten... Klosterklokker? Nei, det er vel kanskje dei store snøklokkene som heiter?

I dag var det fint i hagen og flott vêr til å så! Passe fuktig etter alt regnet i går, mildt og opplett.


Eg har ei litt for stor bot i år..... særleg vart ho stor då eg forstod at han eg brukar å kjøpe plantar med var slutta med den gesjeften! Drivbenk har eg ikkje hatt på mange år, men håpar på å få tak i kålplantar på gartneriet Rebakken, kanskje har dei løk og litt anna diverse også.

Har i allefall fått sådd gulrøtter i dag, litt sommarblomar, div typar reddik og salat, rødbetar og kålrot, ein god begynnelse! Å ha ein grønsakhage er ei velsigning tykkjer eg, så kjekt å kunne fråtse i grønt som ikkje er sprøyta.



Bergblom er ein super ugrasknekkar, ingenting trivst under dei blada.


Ein liten pause, med moldete støvlar, på den gamle benken :o))


Lupin og Matrem bak, kvit Dauvnesle framanfor



Det er fleire som jobbar med frø i dag .....!




Så blei det regn og eg måtte trekke i hus. Det vart ein kopp te frå mi eksklusive nye kanne ( frå The blue door, i Portobello road Notting hill !!) ved sida av nytt Lev Landlig...




Her kan du også sjå PIP bollen som eg fekk hjå bonden til jebbusen min, han er så snill og riktig flink til å kjøpe gåver!! Så no har eg også eit lite innslag av dette populære serviset som eg har beundra hjå så mange i Blogglandia <3



onsdag 18. mai 2011

17 mai feiring!!

Det var også søte kaker på frokostbordet!! Både etasjefatet og cupcakes`ane hadde gutane som kom frå bilmarked i England med.... og eg fekk ei nydeleg tekanne i fint "bein"-porselen!



Småjentene har nye hår-bøylar og elskar eggerøre! Minstetausa kommenterte serviettane med mange flagg på : sååå mange"ipp huja"ar !




Hipp hurra!!



Nybada og klar for bunadpåkledning..... berre ein liten konsert fyrst!


Forkle med broderi frå jentene si tippoldemor



Ho likar bunaden som farmor hadde, og bringeduken tykkjer ho er fint "perla"




Pappa er også klar.... og minstetausa har fått stasen på



Endeleg, no er det Nasjonaldagen!! Mamma har Sunnfjordbunad, men farfar gløymde sløyfa...


Og musikken spela i lastebil!! Dei skulle visst rekke over fleire grender, så det var nok lurt




Og is vart det sjølvsagt!


Ein nydeleg dag som vi var glade for å ta del i!






søndag 15. mai 2011

Griseliv...







Berre eit lite forsøk med å legge ut ein video.... Fjøsvifta høyrest altfor godt!



lørdag 14. mai 2011

150 svinaktig gode vener...

Nei det er ikkje facebookvenene mine eg tenkjer på...



Her har eg altså vaska veggane i går...! Sjå kor det skin! bildet vart dårleg, får skulde på bonden som stakk av med det beste kamera. Det er faktisk hans eige og sidan han kosar seg ilag med oskefisen på veteranbil marked i England, måtte han nesten få ha det med..... Kamera var julegåve, det same var turen. Slik kan ein få jula til å vare lenge!


Eg deppa litt, tenkte eg var åleine på garden, men so tok eg ei oppteljing og då var vi altså 150! 20 mødrer, breie over baken (ikkje medrekna meg!!) 70 søte småbarn og 60 rølpete ungdomar, litt av ein bråkete gjeng!




Men her er dei begynnt på formiddagsluren. Først var dei litt redde bråket og vasstrålen, so vart dei veldig interesserte, men til sist gav dei blaffen. Akkurat det er griser ganske flinke til!




Grisen er visst det dyret som kan vekse fortast av alle, av 2 kg kraftfor kan den legge på seg 1 kg kjøt. Desse er begynnt å bli så store at dei neste veke skal vekk frå mora og greie seg sjølve.




Ho er faktisk byrja å gle seg til å bli fri dei no, kan vi ane eit lite smil i det grønaktige lyset?




















søndag 1. mai 2011

Fjordabåten ATLØY

Bonden hadde regien på søndagsturen i dag. Første stopp var kaia i Innvik der fjordabåten Atløy hadde lagd til, for omvisning ombord, sal av m.a. saltfisk og t-skjorter med det gamle fylkesbåtflagget ( men den hadde eg kjøpt i fjor i bokbyen..)

Innvik er ein av mine favorittstader langs fjorden, der er nydeleg.



Nokre idylliske småhus i Innvik sentrum












Det gamle kaiområdet kunne godt vore pynta litt på...



Nokre veteranbilfolk som vi kjende, var også ute i go`vêret





Badesesongen opna bonden alt 2.påskedag, men eg drøyer litt til....



Middagen som han baud på var heller av det enkle slaget denne gongen,

men smaka fortreffelg!


Og kaffi stunda var i Utvik, med Mandel Spekuklasier attåt...
Takk for god regi på ein nydeleg dag!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...