onsdag 21. desember 2011

Broderte juledukar

Dette er duken som mi kjære svigermor broderte då gutane hennar var små.... fire gutar som på duken!

I kvit lin, brodert på femtitalet. Påtegna dukar med tråd kunne bestillast i "Utstyrsmagasinet" 

Bonden min broderte samstundes litt av dukmotivet på denne brikka, ca 10 år gamal... flink alt då!!

Tantearv, på lysgrå lin. Har ikkje lika denne så godt, men den vinn seg... som så mangt anna gamalt!

Ei ganske søt kyrkje då --   Kristorn motiv er mest obligatorisk.


Dei gamle dukane har ofte ein fin blondeavslutning

-og kan gjerne liggja oppi eit grovt trau

Dette er den einaste juleduken eg sjølv har brodert, og det fordi eg fekk den, såvidt påbegynnt.....
" du so e so flinke te å sy!  du gjere ferdige denna sjøl du..."
 Detta var ikkje heilt mi greie, eg lika betre røffare ting, men den vart no ferdig langt om lenge...!

Fuglane var i ein noko  ubestemmeleg utomlandsk rase, så eg laut sy dei om til nordiske dompapar!

Då tek eg ferie frå bloggen, Auds Cottages & Paint seier
GLEDELEG JOL 
 så treffest vi kan henda att i det nye året!!

fredag 16. desember 2011

Havrekjeks

I dag vil eg slå eit slag for havrekjeksa, bak dei innimellom alle søtekakene!! Kjempegode slik dei er, attåt ein kopp te.... berre med geitost på,  eller ein annan god ost med ein klatt syltetøy el gelè, mmmm

Så mange vert det å putte i boksen med ein porsjon, lag gjerne dobbel, for dei forsvinn fort!
Deigen er god å bake ut.  Må kjelvast heilt tynne, for dei hevar seg bra.


 Frå den gamlaste oppskriftsboka mi.... godt brukt! I staden for fløyte brukar eg lettmjølk, rør hjortesalt ut i
 den. Steik ved 200 gr C, til dei er lett gyldne.

Dei skitnaste sidene har dei beste oppskriftene....plastra og limt! Ikkje noko stasbok akkurat ....!
Lause lappar her og der. Bak ligg ei av bøkene som Sogn og Fj Bygdekvinnelag gav ut, den 3. Flotte bøker frå Selja Forlag. Eg fekk med ei oppskrift på Spekulasier i den første. Trond-Brita, ei orginal og synsk søster av oldemor mi, laga og selde dei. Lyse småkaker med krydder, favoritten hjå småungane i grenda før...

 Bonden har stor slekt i Midtvesten USA, dei har si eiga kokebok, med bilde frå Sandal på framsida!

Her er mi rømmegraut oppskrift koma med! ikkje så aktuelt i jula hjå oss, men her er også fleire oppskrifter på LEFSA . Den er viktig til alle høgtider her i bygda. Då skal det vera GOMBE attåt, men den får vi ta ein annan gong :o))

tirsdag 13. desember 2011

Lucia

Her er den fine nynorske teksten som Ingvar Moe laga, den bør syngjast rundt på Vestlandet i dag!
Minnedag for St.Lucia, som leid martyrdøden på Sicilia år 304. Minnast med lys. Eg har ei go`jente som skal vere Lucia i barnehagen i dag, lukke til! Gledar meg til bilde av den Lucia :o))

I norrøn tradisjon minnest ein ei anna Lussi, ho var meir som ei heks som for med spøkeri og trollskap. Lussinatta var lang og veldig farleg. Ein må lyse opp alt ein kan, bra no med masse elektrisk lys i hage og stove....!! Lussekattane er også gule fordi det er lysets farge...

Lussinotte lange
Intet være bange
Gud beskytte gard og grunn
fisk i vann og fugl i lund
Intet være bange
Lussinotte lange

God Lussinatt! (som vel egentleg er natta t i l  den 13.des) Eg er klar med lys, skal på samling hjå ei veninne lengst inni dalen... visst eg torer då....

søndag 4. desember 2011

Julemarked på Gamleskulen

Stemningsfullt i den gamle skulestova.....


Allsidig vareutval




Sal av graut m spekemat, kaffi og te (til meg..) og gode kaker. Mange folk og fin stemning!

Eg gjekk bananas i lys turkise og rosa kuler (salg frå Kristins Butikk til kr 1 pr stk!!)




Det vart nye "gardiner" i kjøkenet...!

Morsomme lysestakar, el til noko anna...



Engelen (med svarte venger...!) som kom frå Sørreisa ei jul for noko sidan, seier: Kos dokke i Adventa!!


torsdag 1. desember 2011

Velkomen Advent!

Engelen i kjøkenglaset markerer Advent, men gradestokken i bakgrunnen kosar seg på + sida!
Regn og vind har vi hatt dei siste dagane, men eg deler nokre bildet frå slutten på den fine hausten vi hadde

Morgonstemning i november

Sola var framme så vidt at eg fekk tatt nokre bilder på siste soldagen


Sola takkar for seg dette året.... Velkoma tilbake 25.januar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...