lørdag 5. desember 2015

BAKEDAG

Julelefsene må bakast! Sosialt å vera to bakstrekjerringar, både lefsene og praten går unda...!!



I Nordfjord er det tradisjon med lefser attåt fiskemiddagen, det var ikkje eg van med frå Sogn. Men det er svært godt med fiskekling! Den inneheld potet og kan også brukast til anna fyll. Vi har fått fiskelefsene klar i posar for frysing. Her er kakelefsene klare for smørjing. Vi blandar rømme, melis og smør, det vert luftig med ein tur i matmølla. Bra runde og fine desse lefsene, sant?    Så er det klart for smaksprøve, mmm, veldig gode!!


 Så vart det ein runde med flatbrød dagen etter. Desse vart smakfulle, med havregryn, finmalt rug og grov kveite. Og den gamle flatbrødboksen vart stappande full...! Eit godt byte til søtekakene...



mandag 23. november 2015

SYMESTERSKAPET

Boksen med det rare i!! Tenk denne fekk eg av ei dame frå USA, som var turist her sist sommar. Thank you so much Jann! Ho hadde sett på bloggen min at eg lika saum, også driv ho og syr slike boksar. Eg tykte boksen var så fin, men vart endå meir overraska over innhaldet, sjå lenger nede...! 
   
I dag var det klart for det store symesterskapet! Vi hadde besøk av jentene, dei har fylgt programmet på TV og er i ferd med å lære seg å sy på maskin. Planlegginga er igong...

Syboksen vert opna...
Sjå den vesle boksen inni midten, med ei fingerbøll!


Jentene er i gong med kvar sitt antrekk, og konsentrasjonen er på topp

Visning!! Og begge gjekk vidare! Farmor også...

søndag 8. november 2015

Formasjonar på toppen av Sandalsfossen

Her kastar Sandalsfossen seg utfor...!!    


          Fossen er liten no, og det er så spennande å gå i elvefaret  når elva ikkje fyller heilt opp lenger

Skurte berg , glatte som silke, og mange jettegryter..... Eit eventyrleg landskap!


Fossheimstøylen oppe til venstre, sett frå ein litt uvanleg vinkel
              Det er siste dagane i den vakre oktobermånaden, som framleis byr på naturens gåver!                      Har aldri før funne tytebær her oppe

Eg er så takksam for den flotte hausten vi har hatt, for helse til å nyte naturen, og for ein god ektemann som har idèar om spanande stader å ta meg med på i nærområdet
                                       Og her er mosen alt klar med nye knoppar og ein ny vår!!


torsdag 22. oktober 2015

STØYLSLIV



Vakre støylen vår 

       Jobbing med å gjere fjøstomta om til fundament for eit nytt sel. Flott med hjelp frå lufta...!!!

                             Har blitt nokre overnattingar her i haust, koseleg i det vesle gamle selet.


Ekstra kjekt når oppvasken kan takast ute! Mange høve til det i den fine hausten :)



Då stengjer vi for denne gongen, ruskevêr er meldt, så kanskje er her snart snø...
Men vi fekk ferdig muren og støypt plata!!
So kan huldrefolket ta over her, dei lurer visst bortom elva....!
 

mandag 12. oktober 2015

BARNEDÅP

   To barnedåpar har vi hatt i den næraste familie! Kjekt å få sy gutedåpsvest og hue!
 
    Gutehua skal ha fem delar etter gamal tradisjon, sokalla fembladshue

 Dobbel glede, to velskapte vakre barnebarn !!





torsdag 6. august 2015

Endeleg...!!

 Endeleg litt sol og varme...!! Katten kosar seg i leikestova og turistane fiskar og går på tur.
 Urtehagen har blitt mindre år for år, men dei viktige timian, sitronmelisse og oregano består!!
 Ny av året... lilla hagestorkenebb

lørdag 11. juli 2015

Emergency....!

 Bonden har leika seg litt med utsmykking av naustveggen! For våre fiskarar...i nødsfall!!





fredag 26. juni 2015

SANDAL frå lufta

Helikoptertur var det nye tilbodet på Jonsokafta i år!!
Vi var så heldige at vår unge nabo som er pilot i Airlift, arrangerte dette. Han var ikkje store karen då han broderte "AIRLIFT" på ei pute han laga!! Planen var klar...

Eg som elles har litt flyfobi kjende meg ganske trygg! Her ser vi ned til nabogrenda, Myklebust.
Gjennom vindauget vart ikkje bilda heilt klåre, men her er grenda vår med Sandalsfossen i bakkant.

Lonevatnet og utover i bygda
Byrkjelo, dei store bygningane er TINE

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...