søndag 10. mai 2015

Når gamalt vert nytt...

Her er det gamle brokadelivet frå Sogn som har lege på kistebotnen i mange år, frå tidleg på 1900 trur eg.  Det har ikkje vore særleg brukt, vart vel ikkje heilt passande til den det var tiltenkt kanskje. Med sylvband og pynt tek det seg riktig bra ut, ikkje sant! Denne skjorta inni var eit misfoster, for smal og med altfor lange armar, men i lin og med fint broderi.  Den  har blitt liggjande mellom andre gamle tekstilar frå slekta, som vi har teke vare på. No hadde eg bruk for ei til jentene, så den fekk seg ei lita fornying, ein hardangersaum stolpe framme og ei sårt tiltrengt ermeforkortning.



Hadde bruk for eit forkle til dette livet, men dei gamle forkleda eg hadde passa så dårleg i fargane. Eit silkesjal derimot... Javel, betre det vert brukt enn det ligg i ei plaggøskje. so då vart det eit forkle. Med litt fløyelsband på òg kanskje..... Ein stakk eg hadde frå min barndom vart for kort, dei veks så fort desse jentene! Men med gode kontakter innan bunadsfaget  har det ordna seg i ein fei med stoff, så no er det berre saumen av den som står att. Og framleis ei heil veke til 17. mai!!

 Sidan mitt gamle fløyelsbelte passa til denne "nye" bunaden, måtte eg ha eit anna til den med grønt liv, som eg synte sist. Kjøpte eit fint belte eg kom over på ein bruktbutikk sist sommar.  Kr 100 skulle dei ha for det, og det endåtil på Sunnmøre, der dei er forretningsfolk! Glad var eg, og her kom det til sin rett! Så i god gamal bunadtradisjon: ein brukar det ein har og set det ihop på beste måte....


tirsdag 5. mai 2015

MÅNESKINSKVELD

 Det er nokre gonger flott å vera ute ein sein kveld...! Ser ut som midtvinters, men vi har mai!!   Brèen og Snønipa er framleis  heilt snødekte, det har vore kalde neter til no.

 Hue og vottar på, men det er ganske lyst klokka halv elleve, det rimar ikkje heilt...

 Vatnet har heller ikkje vakse opp noko endå, øya ved elvemunningen er ganske stor.


 Må berre nyte stemninga og måneskinsturen!


fredag 1. mai 2015

Nærmar seg Nasjonaldag...

 Her er skjorta som eg hadde som 9-10 åring, no skal den i bruk igjen!!  Broderiet er utførd av mor mi si tante, den før nemde (mange gonger...); Anna moster, som fekk premiar for handverket sitt. Dette er broderi på tyll, veldig smått og fint.
 Skjorta skal truleg nyttast inni ein liten bunad i familien, kjekt at slikt sirkulerar! Kanten på stakken,  den sokalla kvardingen, er "designa" av same moster, og vore i bruk sidan som ei familiebord.
 Også den gamle dokka, som eg fekk frå tanta mi i Amerika, skal kle seg opp! I hue og belte (-stakk) som mor mi sydde til meg då eg var 1 år...!
 Så no vert det spennande å sjå kva for ei av jentene denne passar til! Eg har eit anna prosjekt i arbeid også, det skal bli ein bunad til, ifrå gamle fine delar som eg har samla på, og litt nytt må vel til også kanskje. Følg med på bloggen om du er interessert i slikt stoff....

Dette er sokalla "raudsteinsknappar"i sølv frå 1800 talet, som er brukte som mansjettknappar. Fann dei faktisk beskrivne i Bjørg Hovland si flotte bok: Folkedrakter og bunader frå Sogn.


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...