onsdag 13. august 2014

Ved Panoramavegen

Tidleg i sommar, før turistsesongen tok skikkeleg til, hadde vi nokre kjekke småturar. Å køyre Panoramavegen frå Lote til  Stryn er av dei koselegaste turane i Nordfjord! Her på kaia i Hopland må vi alltid ha ein stopp.  Å køyre liten open bil er så klart eit pluss på denne vegen!! Ned til Hopland er bratt og svært vakkert.....!
Den gamle skipsekspedisjonen og butikken er no restaurert til bustad/feriehus, det er blitt riktig så fint, sjølv om vi saknar den koselege butikken, der ein også kunne få ein kaffikopp.  Men ein kan ikkje drive butikk berre som hobby, det vart for lite sal. 4H klubben har kafe og handverksutsal i grendahuset (fruktlageret?) like ved, men dette var i juni og dei hadde ikkje starta opp endå.
Litt lenger inne, ved Sagedammen er også eit must å stanse. Her er eit nydeleg område, bygd  opp av dei driftige folka på Nordsida.  Her er m.a. eit historisk sagbruk som er heilt komplett.


Her er det fint å ha piknic, her er grillar og tilogmed ein bakaromn, som det sikkert går å nytte etter avtale.  No nyleg var her oppsett eit sogespel, som vi gjerne skulle ha sett!! Men høyrde på radioen at det var godt besøkt og svært vellukka. So kjekt.
Heile Nordfjorden er laga til som ein leikedam, med skilt og namn på dei ymse bygdane langs med fjorden. Her ligg båtar i kassa der til venstre i bildet, klare til å leike med, med snor og kjepp og det heile. Vi hadde ikkje ungar med denne gongen, så båtane fekk kvile. Men vi noterte at det alt var kome bru der i Indre! (Bak den vesle buska) Vi Glopparane hadde nok lyst å flytte den utover, men vi greide heldigvis å lata det vere...!!! Høflege som vi då er...


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...