lørdag 21. juni 2014

21.juni 1969

 Gjet om det var ein som hadde vore ute og plukka prestekragar til meg i dagtidleg.....!!
45 år med verdens beste og snillaste mann, so heldig er eg!!

 Kruna og pynten kjøpte oldefaren min i Bergen, då han var der med jekta si og fekk premie for den fine frukta frå Sogn. Eldste sonen skulle gifta seg når han kom heimatt. Men det vart ikkje bryllaup, for då faren kom heim hadde sonen døydd i blindtarmbetennelse. Han hadde bede bror sin å ta seg av kjærasten hans, og det gjorde han so bra at dei vart gifte sommaren etter.....!!


                                  Kjelvet har nok ikkje blitt mykje nytta til dette bruk....!                                                      Verken brudgommen, eller min forlovar og gode barndomsvennine, ser ut til å late seg skremme noko særleg av denne nybakte bondekona...
Eit bilde frå den kortreiste bryllaupsturen, ei overnatting på Eggestøylen! Hesten var no snill ...

Limusin service heim frå mjølkeplassen i beitet...

Denne kjekke familien kom eg til!

torsdag 12. juni 2014

Akeleie bløming

Akeleier er av dei vakraste blomane eg veit...!
 
Då eg var lita jente elska eg å leite etter akeleiene i området ved Sogn folkemuseum, i Amla der musèet låg før. Dei ettertrakta blomane hadde forvilla seg frå den gamle prestegardshagen.

Det var som å leite etter gull..... og så spennande å sjå kva slags fargar vi kunne finne.

Akeleiene kryssar seg villeg med kvarandre, så nye fargar kan oppstå

Stor var mi glede og overrasking då hagen på garden vi overtok var full av desse blomane!

Denne mørke varianten ser ein ikkje så ofte
Sidan her ikkje hadde budd folk på 20 år var det ei anna plante som også  treivst her, nemlig skvalderkålen.... Vi grov opp og flytta alle akeleiene og greide faktisk å få vekk skvalderkålen,
I år kom akeleiene i blomst over 2 veker før tida, og det har vore så varmt at bløminga alt er begynnt å avta. Nesten så eg kunne ynskje meg litt kjøleg vêr ei tid, så det vara lenger....

Dette er ein nydeleg variant, med dobbel blom. Er dei ikkje herlege vel.....!!

søndag 8. juni 2014

GOD PINSE

Vi er på støylen, og har fått opp flagget på 1. pinsedag 2014, og det er 22 varmegrader :)
Den vesle elva som renn forbi har alltid vore kjekk å leike i....
Minste tausa er klar for ein middagslur i selet, deilig med smokken og kosen...
Morfar måtte jobbe litt ved stor-elva og vi jentene føretok litt utgravingar ved det som skal bli det nye selet, ein heil "terasse" låg omtrent klar under torva....! Stor og gledeleg overraskelse....!! Men elles feira vi pinse med god mat og bading i dammen. men det er det ikkje bilde av denne gongen! Då vi skulle heimatt vart det litt kjølegare og så kom endeleg regnet som vi har venta på.                     

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...