onsdag 20. oktober 2010

I farmor sin kjole

Godjenta poserer villeg...
Tenk at kjolen som farmora hadde, på same alder, passa akkurat!









torsdag 14. oktober 2010

Gratulerer Chile!!

Chile har vore i fokus desse dramatiske dagane med ein utruleg innsats for å redde ut 33 gruvearbeidarar frå ei samanrasa gruve djupt nede i jorda. Chilenarane har vore eit hardt råka folk som gang på gang har reist seg igjen. Vil dele nokre bilder med deg frå då vi besøkte dette fantastiske landet for nokre år sidan. Over er vi begynnt på nedstigninga til Santiago, etter flytur på 14 timar...puh... og ser Andesfjella som ei kake med kremtoppar på!
Santiago har ein flott moderne bydel men og eit meir fattig område. Elva deler byen og er eit godt merke når ein går seg litt bort i byn (som har 6 mill innbyggarar, og der bonden var god som køyrde leigebil og eg les kart...!) Her var det våren, i oktober.
Etter ei lita veke drog vi ut på landet, for vi skulle i bryllaup der, i vår "norsk-chilenske familie" ! Ekte bondebryllaup på brura sin ættegard. Hermed ei helsing til våre vener og til Chiles stolte folk!
God internasjonal mix, under ein frukost på låven, med presten i midten!



Med brudgom frå Nordfjord og pappa frå Santiago! Nydeleg brud (som no er mamma og bur i Ålesund)


Chilenarane er veldig pene og svært hyggelege folk, og bryllaupet var så kjekt og livat, det vart avslutta med karneval ut på morgonen...!

Desse vart eg kjend med fordi dei prata tysk ( hadde emigrert dit, men lengta og kom heimatt ) Dei laga maten på den lokale Rodeo-arenaen, der vi bryllaupsgjestene fekk middag og spesial oppvisning. Sjå dei flotte typane i tradisjons poncho!



Her er guiden vår på ein fjelltur i Andes, ei oppleving i tynn luft! Aconcagua, nesten 7000 m ser vi midt i bildet, vi var ikkje opp der akkurat...! Vandring i mest 4000 m ved fjellets fot var meir enn nok for oss... Tur i Andes og bade i Stillehavet var ynskja vi fekk oppfyllt, ein flott tur nordover langs kysten hadde vi også.


tirsdag 12. oktober 2010

Ciao Roma!


Ved inngangen til Peterskyrkja, aldri så lite kø...!

Triumfbuen og Coliseum, kjende bilder frå "Verdens historie"- læreboka på skulen i gamle dage!

Frå Vatikanet, under er måling av Rafael, i den tids pave si spisestove!!






Gamal Fiat med ROMA på skiltet


Heimsleg med ein Alfa Romeo! men litt eldre enn den som Bonden har..



Her er turistane ved den Spanske trappa, som visst reklamerer litt for Oliana og Moods of Norway! Måtte også sjå litt i butikkane på Via del Condotti, helst litt dyrt der kan ein sei...


Eg "brukar å" kjøpe sko og veske i Italia... det vart det denne gongen og... altså i ein litt annan butikk, men "made in Italy"!



På veg heimover, her ved Sognefjorden, fjorden blant fjordar!! Eit eksotisk reisemål for italienarar...!




mandag 11. oktober 2010

LA SORGENTE DI FRANCESCA

" A true tuscany experience on the hill of Florence"...... slik marknads fører dei seg, "bygdeturisme- bedrifta" La Sorgente. Ein nydeleg stad, eit lite gardshotell med kvalitet, som kan anbefalast for opphald (og/eller bryllaup!) i hjartet av Toscana.
Også barne-vennleg


Fint for ungane å leike på det romslege tunet og for dei minste i barne-bassenget



Her er det handla hjå den lokale kjøpmannen til lunch på bassengkanten












Eit ektepar i femtiåra hadde kjøpt slektsgarden attende, og dreiv det saman med to døtrer. Dei hadde restaurert i fem år før dei opna for to år sidan. Huset var svært smakfullt innreia, store tradisjonsrike rom, ofte med moderne møblar.


Bonden og eg var på eit lite slang i druehagen.... Eigen vin vart servert til middagane



Ute på tunet, nær kjøken-inngongen, vart det meste av middagen grilla, også til bryllaupsmiddagen.

På bryllaupsdagen er borda pynta med lys, roser og roseblad.... nydeleg

Så kjem brudeparet til gards, og festen kan ta til! -med nesten femti gjester, importerte heilt frå "gamle Norig, nørdst i grendom....."













torsdag 7. oktober 2010

Eventyrleg bryllaup

Eg er stolt mamma, svigermor og farmor! Her er brudeparet på kyrkjetrappa. Kyrkja er amerikansk og ligg i Firenze, Italia. Presten var engelsk og dei som gifte seg er fjordingar av beste merke!

St. James Church var ei veldig fin kyrkje og vigsla var etter amerikansk modell




Brudepiker og ein "brude-venn", som dei sa. Minste brudepika har somna frå det heile...






LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...