fredag 29. mars 2013

God Påske

God Påske til alle som måtte forville seg innom her....!
Her i "Mikke-mus dalen" er vi  opptekne med basar, grillparty og barnedåp, alt med høg påskefaktor!! Gløymt er strev med frosne vassrøyr i hyttene, alt har ordna seg på beste måte,
 takk Willy og Line for bruk av Noatun.
Ha ei fin høgtid, så vert det nok bart omsider i år òg  :))

søndag 17. mars 2013

Fornying

Her går vaskeromsola ned for godt.....  angra litt då eg var halvegs i målinga, vi burde kanskje bevart denne veggen og late barnebarna få måle på den også.
 Men nei, lysegrønt skulle det bli i byte for dei grelle 70 tals fargane, og slik er det blitt , lyst og fint!! 

Når ein først er begynnt å måle, er det ymse ting som får vera med i dragsuget!!
 Bordet som vi hadde på mitt barndoms kjøken, for ex.

Og kjøkenbenken som vart kasta ut i bonden sin barndomsheim
 den første benk i bygda med stålplate og dobbel vaskekum!
 Den fekk no tilbake meir av sin opphavelege farge.

Eg skal syne både vaskekjellaren og den fornya bakstekjellaren ved eit anna høve...
 for det vart altså  ferdig i god tid før påskebaksten!

fredag 15. mars 2013

Rein nyting


 So har badet blitt ferdig...! Då både skåpa og veggane vart kvite, ville vi (eg) behalde litt av det gule, og no kunne det bli knall sitrongult  :)) sidan det vart berre ein liten del av rommet, attmed døra.
.
Fram med alle sukkertøyfarga handdukar ....!! og litt vårleg stemning.


           

tirsdag 5. mars 2013

Time for tea

Inspirert av eit nydeleg blogginnslag 1. mars, på min favorittblogg  "Bratte Bakka og Grøne Lier"
 fekk eg òg lyst til å syne den  gamle engelske Sadler tekanna mi.  Den er også nummerert og merka, og er i "perlemorsporselen", dersom det er noko som heiter det!!
Det syner på det nedarste bildet at den skimrar så vakkert i forskjellige fargar.
 Ganske like er desse to i fasongen, kanskje med same designar?? hekta på gull....! Litt meir gull i " bratte bakkar" enn vi har her på garden då men....

Eg er gamal " lilla-skaut- handverkar" :) då te var det einaste rette, og har berre kome i vane med det.
  Eg likar at kanna er full av rykande varm sterk te! Treng ikkje alltid vera svart te, gjerne heilt utan teblad: nysprotte (evt.tørka) bjørkelauv t.d. Den luktar herleg "17.mai.duft", og er god med litt honning i.
Det er så koseleg med ei tekanne, om du ikkje likar te, så fyll oppi kokande friskpressa eplesaft
 av typen du kan kjøpe på bondens marked t.d. 
 Ha ein fin bolle med fløytekrem attåt, til kremdott oppå :) koz for store og små!  


søndag 3. mars 2013

Nytt trappeteppe på plass

Endeleg vart det tid for å fikse litt i vårt eige hus!!! No har vi jobba og restaurert i utleigehusa mest kvar vinter.

Trappa i gangen  tok vi samstundes med restaurering av badet, sidan vi styrte på og rota likevel....
Eg måla og bonden la teppet. Han klypte ut etter det gamle og heldt nøye orden på nummeret på trinna, flinke bonden min!  Eikelistene vart lakka oppatt og trappa vart som ny :) 

Vi fann ut for lenge sidan at det var lurt med teppe, det er ikkje glatt når vi likar å springe opp og ikkje bråkar det heller....! 



Veldig praktisk teppe denne gongen, slepp nesten å støvsuge!


Den gamle sjenken er i eik og frå mine foreldre si stove, den er eg veldig glad i.  Spiseordet som høyrer til er hamna hjå tausa i byen. Staken og skåla er frå Åsees keramikk på Sandane, eg har alltid lika så godt den litt gråturkise fargen.

Her er komt litt fin snø og vi må få litt luft i lungene no....
I kveld vert det kino på Sandane, det er den nye norske Victoria som har premiere. Boka har eg lese for lenge sidan, det vert spennande å sjå kva dei har fått til ut av kjærleiks historien til  Hamsun.

Go`søndag!!


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...