søndag 3. mars 2013

Nytt trappeteppe på plass

Endeleg vart det tid for å fikse litt i vårt eige hus!!! No har vi jobba og restaurert i utleigehusa mest kvar vinter.

Trappa i gangen  tok vi samstundes med restaurering av badet, sidan vi styrte på og rota likevel....
Eg måla og bonden la teppet. Han klypte ut etter det gamle og heldt nøye orden på nummeret på trinna, flinke bonden min!  Eikelistene vart lakka oppatt og trappa vart som ny :) 

Vi fann ut for lenge sidan at det var lurt med teppe, det er ikkje glatt når vi likar å springe opp og ikkje bråkar det heller....! 



Veldig praktisk teppe denne gongen, slepp nesten å støvsuge!


Den gamle sjenken er i eik og frå mine foreldre si stove, den er eg veldig glad i.  Spiseordet som høyrer til er hamna hjå tausa i byen. Staken og skåla er frå Åsees keramikk på Sandane, eg har alltid lika så godt den litt gråturkise fargen.

Her er komt litt fin snø og vi må få litt luft i lungene no....
I kveld vert det kino på Sandane, det er den nye norske Victoria som har premiere. Boka har eg lese for lenge sidan, det vert spennande å sjå kva dei har fått til ut av kjærleiks historien til  Hamsun.

Go`søndag!!


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...