onsdag 26. januar 2011

Bjørkheim

Dei to siste vekene har vi jobba med oppussing i huset på Bjørkheim. Det var gangen og eit soverom oppe som stod for tur. Glasa og veggen ute tok vi i haust, men det vart frost då vi skulle til å måle, så det må vi ta att. Ei av dei mange bjørkene på eigedomen kastar skugge på den nye veggen!
Huset er eit fint originalt 50 tals, tegna av arkitekt Connie Henden. Vanleg storleik på den tid: 2 stover, kjøken og bad nede, tre soverom oppe. Heil kjellar med vaskerom og eit soverom.



" Nabo" i aust er heksefjellet Vora

I sørleg retning er den særmerkte Eggenipa

I nordgrensa er furu og bjørkeskog, og tettstaden Byrkjelo ligg berre få minutt i vest.


Gangen med eit fint rekkverk


Soverommet mot Eggenipa, ny vegg og tak



Eit flott kunstverk som bonden laga etter å ha tatt vekk eit omnsrøyr....

I nisja der omnen var skal det bli eit nytt skåp Det blir kjekt å rydde vekk verktøyet og måle no snart


Vi prøver å ta vare på den originale stilen i huset. Her er det koselege kjøkenet,
med nokre moderne tilpassingar...

Hei våre kjære leigebuarar, her kan de sjå vi styrer oss no når de er vekke...!
Matpausen er dagens høgdepunkt!!



Hytta på eigendomen vert ledig snart no, så det passar å flytte verktøy og målarkostar over der...! Det blir neste prosjekt for oss.














tirsdag 18. januar 2011

Geriljabroderi

Tradisjonelle korstingbroderi er søte, pene og med god moral..... Men fyndorda på eit geriljabroderi er ikkje akkurat "Hjem, kjære hjem"!

Om ein person har gjort dagen din dårleg, kan du gå heim og brodere: Møkkakjerring!! Det kan gjerne hjelpe på...
Eg har sansen for denne: Stem på kvinneleg hofteparti!
På internett er det mykje stoff å finne om slike fyndord, ikkje alle fall i smak hjå meg, men høyr denne: Jeg har aldri hatet en mann nok til å gi han diamantene tilbake....
Finn fram den gamle strameien, eller ekstra fint : på lin, set deg til rette og brodèr vekk fustrasjon og stress:
Ta det med ro, det er stress nok til alle!




søndag 16. januar 2011

Mildvêr

Etter lang tid med kulde var det herlig mild luft ute i dag ...

Men inneblomster er fint også... og krev lite..! i allefall desse av glas :o)

Jordbær om vinteren? Nei, det passar ikkje heilt...



torsdag 6. januar 2011

Trettande dag jul

I stabbursmusèumet har eg eit Heilage tre kongars lys som skulle brenne denne dagen, til minne om dei tre kongane som kom frå "Austerland" til Jesusbarnet med gull, røykelse og myrra.
Trettandedagen, eller Heilage tre kongars dag, er ein sokalla "lapradag" frå gamalt, nesten som ein helgedag å rekne, i godt selskap med bl.a Jonsokdag, Kyndelsmesse (2.feb) og Helgamesse (1.nov)

Då vi flytte til Sandal (i førre århundre!) var det vanleg å ha julefest trettandedagskvelden. Så dette er ikkje nokon dag til å jobbe med å hauste jula nei! Den må få vare litt lenger.... Kanskje ikkje heilt til Kyndelsmess, vi får satse på hjelp av han 20.dags Knut!

Ein annan historie som høyrer trettandedag Jul til, er det kjende diktet "Draumkvedet", frå mellomalderen. Det handla om Olav Åsteson som fall i ein djup søvn julekvelden og vakna ikkje att før trettandedagen. Då var det preike og han reid til kyrkja. Der sat han i døra og fortalde om alt han hadde sett i draume. Han var både på havsens botn, på himmelens skyer og "såg inn i heite Helvete og ein deil av Himmelrikje"

Ifjor på denne dagen såg vi elevar frå Firda vidaregåande som hadde dramatisert frå dette diktet, framførd i kyrkja, veldig fint.

Juletreet var ikkje vanleg her i landet før først på 1900 talet


"Det hev ei rosa sprunge... midt i den kalde vinter...."
Julerosa er ein staude som ein kan plante ut til sommaren, og den vil bløme seint på hausten like til snøen dekkar den, så nydeleg!






onsdag 5. januar 2011

Eit nytt år...


Jula vil eg no ha endå... heilt til 20.dag!

Her vart det nyttårs-bruder i år! Den første utkledningskofferten inneheld jonsokbrudestasen, så då ville ikkje jentene sjå på andre alternativ...!





Kjekt å vera ute i snøen, om enn det var litt kaldt.








LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...