lørdag 25. juni 2016

"På sverdeggja"

 Hendinga i spelet som Rolf Losnegård har skrive, er lagt til året 997. Kong Olav Trygvason har kalla menn frå fire fylke til ting på Dragseidet. Der vert stor dramatikk som vi ser, og ikkje berre menn er involverte...!!  ( Kongen midt i bildet er faktisk inngift i Bergheimslekta...!!)

 Det var tre profesjonelle skodespelarar: Mikkel Gaup, Roger Hilleren og Idunn Losnegård attat amatørane frå Stadtlandet, som alle var svært gode i sine rollar.

  I strålande vêr siste helga i mai kom nær 900 menneske til Dragseidet for å sjå spelet. Og ingen    gong før har spelet vorte synt i so godt vêr vart det fortalt oss. Heldige vi, ei stor oppleving...!!!

 I vikingetunet var folk opptekne med ymse gjeremål, her fekk vi mellom anna smaka kjøtsupa med "sauehaud", og eg våga meg til å smake eit geiteauga, det smaka som anna fårikålkjøt, godt altso!

                          I Kaupangen var ymse varer ein kunne byta til seg, og blide jenter!

     Her møtte vi jammen eit par som vi kjende frå før, til vanleg aktive i turistnæringa i Selje...!

     Befolkningen i nærområdet stillte godt opp, nærare 100 personar var med. Takk for ein flott dag!!!


På veg til Dragseidet

                               Tur til kysten ein nydeleg dag

                               Og slik ein koseleg og søt velkkomstkomite..!

                                Havblikk, og flatt hav, heilt stilt

                               På Stadtlandet, ved Leikanger

                                Tangen røpar at vi ikkje er inni fjorden



                              Opp den historiske vegen der vikingane drog båtane over,                                                                       i staden for å sigle den farlege strekka kring Stadt. Derav namnet Dragseidet.




 Ser vi eit vikingeskip der ute? Her let Olav Trygvason døype både sogningar, fjordingar og møringar.
 Bilder frå vikingspelet: " På sverdegga" i neste blogginnslag...

lørdag 28. mai 2016

Kveldstur på støylsråsa

 Eg måtte nett opp å sjå den nye brua over Timra, etter rekkverket kom på. No er det blitt traktorveg opp til brua. Bonden går over på sin måte, litt tungvindt spør du meg.... eller er det eldretrim??

 Når vi først var på kveldstur måtte vi jo gå eit stykke til... søte fiolar og blåbærbløminga tegnar godt.

                             Det stig oppover og snart ser vi attende til Sandalsvatnet og garden vår


              Ved brua i Kleiva. Eg har altså ikkje handveske på skogstur, men ny flott camerabag....!!

  Vi er komt på høgde med fossen og kveldssola skin framleis. Men det tek til å bli kjøleg i høgda så på "Hestegarden" snur vi heimover.Der var verken lyng eller lauv utsprotte endå. Eg måtte berre nett sitja litt på krokabjørka, kvileplassen ved råsa...

         Og veldig kjekt å ha med ein kavaler som kan halda den store steinen mens eg går forbi...!!

onsdag 11. mai 2016

Sandal ein vakker vårkveld, mai 2016

 Etter ein varm dag, med 25 +grader, var det fint med ein skogstur for å sjekke gjerde og led

                            Sola var i ferd med å gå ned, ca kl 20,30 då vi gjekk oppover i beitet


mandag 25. april 2016

Folkedrakt

 I ei "plaggøsje" som eg nyleg arva frå mi tante, fannst desse skattane frå mi grandtante....!! Ho var frå Målsnes ved Balestrand, var flink å ta vare på gamalt handverk, så dette er nok derifrå.
 
 Dette bringeduken høyrer til Sognebunaden frå gamalt, og er i slekt med kvarden som eg har nede på min stakk. Denne er så fin og lite sliten, så eg vil ordne den til for å bruke den. Bringeduk høyrer ofte til på dei rekonstruerte Songnedraktene. Dette gamle, noko slitne brokadelivet var også i øsja.


 Perler på bringeduken har også vore brukt, desse to er heilt fine og skal nok bli brukte av småjentene i familien om ikkje så lenge... Barneluene er nok dåpsluer, slike fargerike luer gjekk vekk då dei kvite dåpskjolane kom i bruk på 1900 talet. Raudt var den fargen som best kunne verne mot alt vondt.... Skulle gjerne visst at dette fannst i slekta då mine born/ barnebarn vart døypte!! Fargerik dåpspynt sydde eg til dei yngste barnebarna (sjå annan stad på bloggen) til å ha attåt kvit kjole.


 Er litt usikker om dette er dåpsluer eller vanlege luer med pynt. Pynten finn vi att på bunaden, så dei høyrer i alle fall heime i Sogn. Kant av fløyel, elles ull.


onsdag 24. februar 2016

Gamle dokker

Her er Anna frå 1888 og Kjellaug frå 1931 Eg har kalla dei oppatt etter eigarane... Anna frå mi grandtante, kjøpt i Bergen då ho var ti år og fekk vera med faren på jekta ut Sognefjorden og til byen. Kjellaug fekk mi tante då ho var sju. Det er ei heil historie om korleis den dokka endeleg vart hennar, då ho angjeveleg var for stor til å leike med dokker...!! (sju år!) No er begge nyrestaurerte og klar for å sitja på utstilling i museet mitt. Det er blitt mi oppgåve å ta vare på mykje gamalt frå slekta, og det set eg stor pris på!!

                                                                                           Anna sine selloloydarmar var så sprø at ein gjekk av, og ho måtte bandasjerast på "Hospitalet"



Men Kjellaug får seg Sognebunad! Stoffet til livet er ein liten brokaderest etter bunaden til ho som eigde dokka!! Og borden på forkledet er tyllbroderi frå grandtante Anna sine handarbeid...

På Anna hadde ein del av sageflisen inni runne ut, så ho var blitt veldig tynn stakkar. Her får ho litt spenstig fyllmasse inn under huda, og vert mykje meir frodig!
Nokre sting fekk ho i magen, men sjå ho tek det tappert!
Beina hadde og misst litt innhald og var modne for ei restaurering. Så fekk ho blonder på underbuksa,  og dei er hekla av grandtanta sjølv...

Mi eiga Sove-dokke-Lise frå 1955 må også få vera med i det gode selskap! Ho trong berre å få vaska garderoben sin, nokre år sidan sist... ein blir litt støvete av å sitja på stas oppå eit skåp! Så her sit ho no berre og slappar av og ventar på st kleda skal bli tørre og strokne...
Sjå den!! Fin ho også, sant??

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...