lørdag 29. juni 2013

Småmeisene



HALLO!!! No vil eg ut av denne trange fuglekassa!  seier vesle naboen ved inngangsdøra  vår.
 





Men upps.... tøff landing ved trappa  :((   og verda var stor for dei små blåmeisungane.......


Sjå den vesle gule flekken i slipesteinholet! Der sit ein av dei søte små og ventar på foring.


Blåmeismamma lokkar den siste ut av kassa..... og det går bra!!
 Eg måtte bruka dagen til å halda skjorene unda, og håpar at dei små nøstene greier seg.
Litt ekstra godt på fuglebrettet skal dei i allefall finna no framover......

Noko ulik storleik og hips om haps på bilda her, men det får gå denne gongen, tykte du også måtte få sjå dette, som ein ikkje ofte opplever på nært hald. God helg til små og store!!

 

fredag 21. juni 2013

Aure og rabarbrasupa... mmmm

    No er det tid for den tradisjonelle middagsretten! Auren smakar godt no, har fiska litt i det siste.

   Varmrøykt aure er heller ikkje å forakte.....

    Min kjemperabarbra er herleg sur....! (sjå, omlag så tjukk som handleddet mitt!)

fredag 7. juni 2013

Sommardraum



I dag vil eg gje ei rose til mine formødre som laga så mykje fint!! 



Eg har ein stabel med putevar som eg har tenkt å fordele på ungjentene i slekta.
Ei lys sommarnatt på ei slik fin pute gjev romantiske draumar.....

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...