lørdag 29. juni 2013

Småmeisene



HALLO!!! No vil eg ut av denne trange fuglekassa!  seier vesle naboen ved inngangsdøra  vår.
 





Men upps.... tøff landing ved trappa  :((   og verda var stor for dei små blåmeisungane.......


Sjå den vesle gule flekken i slipesteinholet! Der sit ein av dei søte små og ventar på foring.


Blåmeismamma lokkar den siste ut av kassa..... og det går bra!!
 Eg måtte bruka dagen til å halda skjorene unda, og håpar at dei små nøstene greier seg.
Litt ekstra godt på fuglebrettet skal dei i allefall finna no framover......

Noko ulik storleik og hips om haps på bilda her, men det får gå denne gongen, tykte du også måtte få sjå dette, som ein ikkje ofte opplever på nært hald. God helg til små og store!!

 

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...