lørdag 12. november 2011

Julerosa blømer

Eg har fått julerosa med  "blomster-nabokona"  mi,  no seier den frå at det snart er jul! Ser fleire knoppar er på veg, så håpar ikkje snøen kjem nett enno... Eg kjøpte ei ny til ein juledekorasjon sist jul, den planta eg ut i vår, den  er også på veg med knoppar!.

Det er fleire som er blitt lurde av varmegradene i det siste...


Somme var visse på at det var våren, då vi fekk 15 grader, og laga seg til med mange nye knoppar!



I gårtidleg var det såvidt frost,så ringblomane var heldige og fekk koma inn på kjøkenbenken....

mandag 7. november 2011

Potetsortering


I dag ville bonden sortere potetene. Dei har stått i låven og godgjort seg og tørka litt opp etter den våte innhaustinga. No fekk dei rista jorda av seg i den gamle erverdige potetsorteraren, og det var heldigvis berre nokre få rotne å plukke vekk. Vi trudde det var verre etter denne regnsommaren...


Når ein dreg sveiva rundt rister ein potetene framover og dei dett ned alt etter storleiken. Det er tre sorteringar, her ser vi småpotetene kome ut, dei vert nytta til dyrefôr. På andre sida kjem neste års setjepoteter, dei er litt større. I enden festar vi ein jutesekk, der legg matpotetene seg fint oppi. Eg synest dette er ein fin og historisk innretning! Bonden (som veit å ta vare på ting!) har restaurert den etterkvart som delar har blitt dårlege. I dag var arbeidet gjort på eit par timar, sidan vi har berre eit halvt mål potet no, og avlinga ikkje var av dei beste i år. Men  tidlegare, då det vart dyrka mykje potet i Breim, for sal, stod ein gjerne eit par veker med dette arbeidet.

Så no skal vi kosa oss med poteter, får sei kva han vil han Fedon...! Potetsuppe, potetmos, bakte poteter.... mmm, potet er sunn og god mat, som har berga landets befolkning gjennom harde tider!

I åkeren vår er Kerspink, Troll og Blå kongo. Den siste er ein russisk sort, blå tvers gjennom...! Den er artig, den skal eg heller blogge om ein annan gong...


torsdag 3. november 2011

Støylstur i dag

Skulle jobbe vidare med vedlikehalds-prosjektet vårt på Bjørkheim,
 men bestemte å ta ein støylstur i staden for, sidan vêret var så fint! 

Fossen hadde ikkje fått heilt sola på seg då vi for oppover, og på heimtur var den nettopp gått ned.


Her ser vi kor djup jytta er. Dette bratte området heiter Styggefjellet. Her har det vore dramatikk mange gonger når vi har henta sauene våre. Dei elska å balansere på dei luftige hyllene her!

Vi ser nedatt i dalen, og Byrkjelo der heilt bak

Kjempefint på fjellet i dag! Såg ein flokk ryper som flaug opp her.


Litt vedlikehald vert det her også.....

Mot brèen

Etter ein god middag og ein liten lur, er det tid for te og kaffi i dei gamle koppane.
Og loggføre besøket...! 



Stenger døra for denne gong....

Det er 13 varmegrader når vi går klokka halv fire og sola skin framleis på fjellet!
Sandalstøylen bur seg på vinter, håpar ikkje ein så kald og snørik som sist år.

Så vakkert med sol på Myklebustbrèen.
Men innan vi er attende i dalen har sola gått ned og er det nesten blitt mørkt. 

tirsdag 1. november 2011

Lampe "feber"...!


Først litt historiske lamper: Lav stålampe frå 60 talet. Står på tre bein med kuler i enden.


Den same, sett få toppen, med ei skål glas-konfekt

Taklampe frå 50 talet, heng i gangen

Ei nyare taklampe men litt i same stil som ei vi hadde i min barndomsheim på 50/60 talet

Lampe over kjøkkenbordet, glas  m litt fargar (som ikkje kjem så godt fram her)


Klassisk, med glasprismer, kjøpt på auksjon. Vore i slekta.


Stålampa som eg alltid har vore så glad i. Arv frå min barndomsheim.


Italiensk måneskinnslampe, kjøpt til glasverandaen,  men den vart hengande i stova...


Ny og eksklusiv..... i ekte plast! Passar godt i glasverandaen.

Tiffanilampe laga i Tyskland, av ein bekjent


Ei riktig harry 60 talslampe, med plisserrt skjerm. Vi har fleire artige lampettar frå den tida,
 men tenkjer det er bra nok med lamper for denne gongen...!!


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...