tirsdag 11. desember 2012

God Jul 2012

Feriehusa Håja, Annestova og Nystova, i snø og sol, sist i oktober.

Bustadhuset på garden. Velkomen til Sandal Gardsturisme!

Vår eldste julepynt! Dette er nedarste delen av juletre-spiret frå mine besteforeldre i Amla. Toppen vart knust då eg var småjente. Det var katten min Tarsan, som kleiv opp i juletreet og velta det...! Eg var glad i katten, men tilgav han aldri dette.
Spiret har ein heilt spesiell farge og glød og er framleis som ein liten skatt for meg... 

Det har vore lite med blogging i haust, eg gav opp då systemet fungerte so dårleg ei tid, men no ser det ut for å virke godt. Så det kan kanskje bli kjekt å blogge litt igjen  :o))
Koseleg med adventstemning i huset, eg ser fram til julefeiringa no, håpar det same hjå deg.

God jul til alle som ser innom bloggen min!   

lørdag 10. november 2012

Handverkarlaget ARV



 Annemieke spinn på den nye rokken sin.....! Ull frå spælsau blanda med lin m.a. gjev nydeleg garn.

 Oddlaug sine spennande vevarbeid, med lin og plast!


Smettvev frå  Anne Britt si hand, kaketine laga av Olav og måla av Aud

Anne Britt sin vev, kaketine og bolle måla av Aud



Nordfjordbunad sydd av Liv Tone

Anne Britt vev sitt eige øyrepynt....!!

Ullkunst frå Annemieke

Aud si måling

ARV held til i Nordfjord, dei fleste medlemane bur i Gloppen kommune. Vi har felles marknadsføring, sjå gjerne nettsida  www.arv.no , for nærare omtale av den enkelte.  Vi har eit sosialt samvær og deltek gjerne på div. utstillingar/aktivitetar ilag. Elles arbeider vi kvar for oss.
I den koselege butikken "Hyggeliv" på Sandane, kan du imellom anna morsomt og fint, finne Annemieke og Oddlaug sine arbeid.

tirsdag 30. oktober 2012

Vinter i oktober

 Sandal gamle skule
 Reiatunet, Dåvetunet og Nilstunet
 Det første skulehuset i dalen, no feriehytte.
 Reiatunet
 "Auds feriehus"
Litt kaldt so tidleg,,,

torsdag 25. oktober 2012

Utfordring på Sandalstøylen

Brua til Sandalstøylen  fekk store skader på fundamentet, etter  fleire store flaumar siste år. No når endeleg vasstanden er blitt lågare, kan ein sjå kor brèelva har greve ut under brukaret. Vi hadde håpa at elva skulle minke såpass at der er råd å forskale og støype på nytt. Sjølv om betongen skal kome ferdig med helikopter, er det ei utfordring med bygging der ein er utan veg og straum. 

Karane jobbar med å få vekk store steinar som har lagd seg midt i elva og fører straumen bort under brukaret, det er både glatt og kaldt.....
  
    Tøffe tak...

Vakre Sandalstøylen i haustskrud
Eg er anleggskokke i selet, held fyr i omnen og serverer varm mat!!! Også viktig.
I skrivande stund snøar det diverre, skulle kome ein del i dag og i morgon, så då vert det  ein førebels stans i prosjektet med brua.  

Brua vart frakta opp att med helikopter for 20 år sidan, då ismassar førde den med seg ned mot fossen. Jarnkonstruksjonen vart heva på støypt fundament, så vi har ikkje lyst å misse den igjen....Den har sidan stått for både orkanar og store snømengder!
Brua er til nytte for mange her ved innfallsporten til vestleg del av Jostedalsbrèen Nasjonalpark. Dei som går i fjellet tek det gjerne som ei sjølvfylgje med bru over elva, og tenkjer kanskje ikkje over kor mykje arbeid mange grunneigar har for å legg til rette for ferdsel.









onsdag 24. oktober 2012

Rydding i kulturlandskapet

Vakre haustdagar vart nytta til rydding i busk og kratt

Slikt arbeid er kjekt, sikkert mest fordi det syner att!!



Bjørka og alle furene ved naustet fekk seg også litt barbering...

fredag 19. oktober 2012

Gulrothausting

"Kjææærlihet......!"

Gode hjelparar i gulrotsenga...



tirsdag 9. oktober 2012

Gyldne dagar



Den  siste veden etter Dagmar si framferd skal i hus!! Vi har også nyleg rydda i utsikta vår mot vatnet, så det vart ekstra mykje ved i år....

Nei, veden skal vi ikkje spare på, seier bonden min, det er nok av skog som skal vekk her i landet!!
 
Vedkløyvaren er ei fin oppfinning...

Utsikt over Sandalsvatnet,  i retning Byrkjelo

fredag 3. august 2012

Litt sommar inni mellom...



Sommaren så langt har vore av dei kjølege.... Berre nokre få dagar innimellom med varme. Desse bilda er frå vår yndlingsplass ved fjorden, tidleg på sommaren og forventningane var store! Vi har endå ikkje gjeve opp håpet om badeliv...! Når skulane tek til att kanskje???
Men opptekne har vi nok vore, sidan førre blogginnslag var frå Jonsokafta!!!

mandag 2. juli 2012

Jonsok 2012

Det vart ein nydeleg midtsommarkveld dette året!

Ei av dei ivrigaste fiskarane...
Etter grillmat kom endeleg natronkaker og lefser på bordet.... og no vert bålet tent.

Lita jente og liten hund

Bloggaren sjølv er komen med, midt i mellom to av Bergheims"gutane"!
Det er omlag midnatt og bålet er snart brent ned.  Det var det beste bål på lenge, fullt av Dagmar sitt granbar, var knusktørt og utvikla ein voldsom varme! Takk til slekt, vener og naboar for ein koseleg kveld!




LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...