søndag 29. april 2012

Ved Gloppefjorden

Det var ein nydeleg søndag ved Gloppefjorden! Frå Anda, (ein  halvtimes køyring heimanfrå) ser vi over mot Hestenesøyra.

Det vesle fyrtårnet syner veg inn fjorden til Sandane.



Vi ser Devik. Der er gardane så bratte at dei treng å gjerde hønene inn på berre tre kantar....seiest det!! Firmaet "Høgt og vilt"  (!!) driv urteproduksjon der.


Midt i bildet ligg "Heksesteinen".  På denne idylliske staden vart mange kvinner, og nokre menn, brende som hekser .....

Her er Lotsberg, også høgt og fritt! Midt i bildet bur ei ung dame som vev vakre åklær, medlem i handverkarlaget ARV som eg. Ho har eit fantastisk utsyn frå si vevstove!

Ferja går over til Lote, der E 39 går vidare til Nordfjordeid. Oppe i lia går ein fin gamal veg/sti inn frå Lotsberg til den einbølte høgdegarden Åsen, nett innom billedkanten i himmelsjå.. Der gjekk vi ein gong.

Eit enkelt måltid med lukta av tang og fjord.... mmmm...  og favoritt-tur-koppen frå barndomen!!


På heimveg kan vi sjå "våre" fjell, Vora og Snønipa, heilt bak. Frå denne kanten ser Snønipa mest ut som ein pyramide! Den ligg over 1800 m o h.  Vi køyrde open i dag, men den lille røde fekk visst ikkje bli med på noko bilde denne gongen!


torsdag 26. april 2012

Kjekk og travel tid

Arbeidsdagane på garden vert lange no på våren, vi kjem seint i hus og det vert berre å sjekke eposten før eg må ta kveld. Blogg og sosiale media må få seg ein pause i slike tider....
Det er så fint med supert vårvêr og kjempekjekt å jobbe ute no  :o))

Hugs å nyte dagane, no når alt liv berre ventar på å falde seg vakkert ut ....
Litt historie i dette bildet:  Den gamle stoveplanta  Lykkekløver, frå mi svigermor, har overvintra tørt og mørkt i eit skåp, men kjem snart med eit rosa flor. Den kan også flyttast ut når det vert varmare.
Trøsymaskina (som eg sydde mine første kreasjonar på...) er frå  far min sin møbeltapetiseringsverkstad. Begge desse to personane er forlengst borte, men har gjeve meg så kjære minner. 

søndag 15. april 2012

Ei snøgardin...!

På leikestova har det laga seg ei flott gardin i dag!!

Ikkje lenge etter eg tok bildet ramla den ned....  Øyeblikkskunst kan ein vel kalle det!

Roleg på leikestova no, men i dag køyrer vi for å henta småjentene for ei veke,
 så då vert det liv i leiren igjen!!

Kjøleg i dag etter siste snøfallet, men YR lovar godt for denne veka, så det trur vi på!
Ha ein fin søndag du også, eg skal ta niste med for ein rast ved Fjorden 
 (ja, med stor F er det nok Sognefjorden...!)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...