mandag 29. april 2013

"Engelsk broderi"


Eg har alltid samla på gamalt handverk, og engelsk broderi er no berre heilt nydeleg.
 Kanskje nokon av mine etterkomarar eigong kan bli glade for det eg har tatt vare på... og ser verdien i det.

søndag 28. april 2013

Hekta på eltefritt brød....


Eg er blitt hekta på eltefritt brød, steikt i jarngryte i steikomnen!
 Smakar som om det skulle vere steikt i steinomn....mmmm
 Du finn oppskrift på linken under, og film om framgangsmåten. Brødet kan lagast fint som her,
 eller grovt med nøtter t.d. Du finn mange oppskrifter på Trines matblogg, om all slag mat,
 ein kjempegod matblogg som er blitt min favoritt!! 

Lukke til!!

Mat på Bordet: no knead bread - bak brød i helgen film!: Jeg kan ikke anbefale oppskriften for no-knead bread nok!!!!! For å få enda flere til å prøve seg på verdens enkleste brød oppskrift med ...

tirsdag 23. april 2013

Gamalt handarbeid



Eg er den heldige eigar av ein del fint gamalt handverk! Denne duken er nok brodert tidleg på 1900 talet.
Den er ein arv frå grandtanta mi, "Annamost". Ho var ein svært dyktig handverkar, og vann mange prisar for arbeidet sitt. Eg trur ho kunne alle slags handarbeidsteknikkar.
Akkurat denne er ikkje av dei store verka hennar, men veldig søt, tykkjer no eg :))

lørdag 13. april 2013

God helg :))



Med eit lite oppsop av påskeblomane ynskjer eg god helg! Her vert det storhelg med Breimskoret sin kabaret i Trivselshagen, vi gledar oss til å sjå alle spilloppene til dette supre bygdakoret vårt
.
Eg gratulerer meg sjølv med å ha fått til to bilder ved sida av kvarandre på bloggen, mellomrommet vart for stort, men ved å flytte på det eine forsvinn det andre....forstå det den som kan!

Og so er det lova mykje regn i morgon, det trur vi vel ikkje heilt på lenger, men litt væte og varmegrader er nok akkurat det vi treng...... Ut i sola i dag då folkens!

fredag 12. april 2013

Vårvêr!

Endeleg kom det litt varme i lufta, og kun nokre få kuldegrader på natta  :))
 Bakkane er begynnt å bli bare og det er berre litt snø på flatene. Og " Ja- benken" står klar!!

Vi har hogge ned nokre bjørker ved Blåklokkehuset, så vi måtte rydde litt ris.

Jonsokbålet er allerede stort! Bonden likar å rydde skog...!

Ut over vatnet er det enno heilt kvitt, og isen er tjukk, langt over halvmeteren...
 Lurer på kortid det vert isfritt i år..... kanskje ikkje før Jonsokbålet skal brennast!

lørdag 6. april 2013

Fin påske



Vi var så heldige at vi fekk vera med på ei lita jente sin dåpsfest denne påska

Høgtid i Breim Kyrkje 1.påskedag 2013, med tre dåpsbarn!
Prosesjon av dåpsbarna, foreldre og søsken og småborn bak med påskeliljer, so fint.
Og "onkel" i sin fine Nordfjordbunad fekk æra av å bere korset

Vesle tausa vart løfta opp og synt fram av prest Gjengedal, ho sov seg gjennom heile seremonien...! 
 Dåpskjolen er kopi av ein gamal frå farslekta, og bunadpynten er nyare, frå morsida, ein bra mix!!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...