fredag 31. januar 2014

Frozen...

Var akkurat litt for seint ute med kamera i dag....

Sola er nett iferd med å forsvinne frå fossen og vidare opp på fjellet.

Bedre lukke ein annan klårvêrsdag...  men vakkert er det no likevel!


søndag 26. januar 2014

Is på vatnet

Isen har lagd seg på Sandalsvatnet! Det var litt snø på den, men no har den blåst vekk og det er veldig fin is.
Bonden har vore ute og hogge hol og målt isen.  Den var trygg nok, i allefall utover under Ura, så han har hatt ein liten tur på skeiser. Eg bruka sparken....!

lørdag 25. januar 2014

Is

No har det vore kaldt og tørt og det frys til. Det vesle vatnet som er i elva, har no bestemt seg for å renne oppå isen!

Og slik fyller elveløpet seg stadig meir opp med is....

Snødekket som vi likar å ha, det let vente på seg.



søndag 5. januar 2014

NYTTÅRSBADET

Bonden likar å bade så til jul fekk han våtdrakt for å forlenge sesongen!

Sandalsvatnet er ikkje nett av dei varmaste stadene ein kan bade...
Men med våtdrakt og nissehue var det visst flott! Eg heldt meg på land.... måtte ta bilde!

lørdag 4. januar 2014

GODT NYTTÅR

Første sportsbiltur i det nye året!! Med fine bare vegar.

Før vi pakkar vekk nissehuene....!


Ved Bergheimsvatnet, eit ynda turmål. Her har Eggenipa 4H bygd ein fin gapahuk, kva med å overnatte der no, når det er så mildt og fint eit vêr?

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...