lørdag 26. februar 2011

Kunstnaren Alv Nyland 100 år

Dette året er det 100 år sidan Nyland var fødd. Han budde her i bygda og levde heile livet av kunsten sin. Dette trykket heng i stova vår og eg er veldig glad i det. Her er dei små gamle husa plasserte godt i landskapet ved Bergheimsvatnet, ein apal, eller ein hegg blømer nedom stova.

Det vert no planlagd ei minne utstilling, som skal opne i pinsa, på Nordfjord folkemusèum. Det skal bli spennande å sjå kor mange bilder ein greier samla. Det vert nok mest oljemåleri.

Tek med nokre andre bilete frå lokale kunstnarar som eg set pris på.

Oljemåling på ei gamal grov fjøl, litt av fjøla er synleg i bildet. Av Petter Eide, og motivet er frå Øvredalen på Egge.
Petter Eide er "ungkar og spelemann" og ein kulturperson av dimensjon. Etterkvart ein eldre kar, men aktiv felespelar og målar gode bilder.

Pella Giil si eplegrein i bløming. Eg som vaks opp i ein eplehage kan nesten kjenna den søtlege angen frå bildet... Pella var ei fargerik dame som eg minnest med glede. Vi var ei lita gruppe som gjekk hjå ho ein heil vinter og måla, vi hadde det festleg, og lærde mykje.

Nyperoser har eg eit godt forhold til..... har prøvd å plante dei her fleire gonger, utan å lukkast, dei likar nok ikkje trekken frå brèen.
På veg til sjøen i barndomslandet passerte vi ein lang høg hekk bugnande av nydelege vill roser.
Denne akvarellen har Jorunn Vereide laga, ein allsidig og dyktig kunstnar, også med olje eller tekstil i meir moderne uttrykk.

Eg er svak for gamle hus.... og sluttar av med Fitje støylen av Ståle Fitje. Han er lærar og har nok lærd mange å bli glad i tegning og måling! Syng vakkert gjer han også, attåt sitt gitarspel.






torsdag 24. februar 2011

Eg tok gull!!

Gull gule roser er fint på denne tida.... Eg fekk gull for verdens beste kjøtkaker....!
Det hadde hopa seg opp i frysaren med kjøt som skulle malast. Som ho sa Marit Bjørgen, etter gullet i dag: "Det var helt rått!"

Man tager en stk gris, et lam og et reinsdyr..... bonden er stadig ute med pil og boge!
Det meste av kjøtdeigen går i frysaren, men litt ferdige kjøtkaker er godt å ha på lur, visst det skal kokast i ein fei.

Mi heilt hemmelege sjølvkomponerte vinnar oppskrift er slik: 1kg kjøtdeig (el. eit fullt litermål), 1 egg, 1 kopp mjølk, 2 ss mjøl, 3 ss potetmjøl, 1 ts raspa muskatnøtt, 1ts nykverna pepar, 1ss salt, litt chili (eks 1 tørka)

Viss ein et kakene med same: eit fedd støytt kvitløk. ( i frysaren tek lett andre matvarer kvitløksmak, visst ein då ikkje pakkar det v e l d i g godt inn.)
Løk i deigen er godt, men legg seg så lett ved i steikinga, så eg satsar heller på løk i sausen.

På induksjon kan du steike på lokalavisa...! fettsprut samlar seg på den. God varme, 7 her.
I min assistent er det plass til å tredoble oppskrifta, det vert ca 60 kjøtkaker.
I dag laga eg tre porsjonar, så det vart ca 180 stk, trur bestemt at vi skal ha kjøtkaker til middag i morgon!

Lokalavisa er blitt full i fett....og brenn godt i omnen etterpå!

To porsjonar sylteflesk laga vi i går, grisen hadde utruleg nok to hovud denne gongen...! Og det vart heilt vellukka, sterkt krydra med pepar og nellik.

Desse produkta er litt fargelause d.v.s. den friskaste fargen er brunt! Så eg måtte setje litt farge til bildet. Tomat og sitron er mykje brukt i vårt kjøken.
Og nokre rosmarin greiner som eg lurte med meg frå Toscana i haust, dei har eg fått rot på!



lørdag 19. februar 2011

GLAS

I dag vil eg syna deg den nye lysekruna vår på glasverandaen :o))

I det skarpe vinterlyset vi har no om dagen, kjem fargane nydeleg fram i glas av ulikt slag








Kle deg godt og kos deg ute i sola, men nyt det aukande lyset inne også!!
God helg ;)









torsdag 10. februar 2011

Ei disig vintersol

I dag snøar det igjen, men i går fekk eg tatt nokre bilder i opphaldsvêr! Det var nesten litt sol :o)) då eg tok ein trimtur i nabolaget. Men skikkeleg vinterleg som du ser.... her er nausta på Fossheim

Sandalsgrenda, nabohuset midt i bildet vert "fornya"


Rikeleg med snø i tunet vårt

Ein kan gå over låvetaket no!



Den første skulen i dalen ( no feriehus) Den vart flytt frå nabogrenda Myklebust ei sommarnatt, då Sandalsfolket tok skeia i eiga hand og ville at den i staden skulle ligge her!!

Grendahuset, som var skulehus til sist på 60-talet, bygd 1928

Eit typisk vestlandstun med tradisjonelle bygningar

Stien mot fjellet er tung å gå no....


onsdag 9. februar 2011

Noatun

Vi var på tur i Breimslia i dag. Vi har litt "vaktmeistar-teneste" for våre danske stamgjester som har bygd hytte der. I Breimslia er det kjempemasse snø no!! Der var nydeleg i dag... og den store hytta er mest gøymd i snø. Bonden lagar litt veg så vi kunne kome oss i hus.
Denne hytta er det mogeleg å leige gjennom oss når vertskapet ikkje er der sjølve. Den har same pris som Nystova vår.
Sola gøymde seg litt bak eit tynt skydekke og det var 5 grader minus.
I mildvêret førre veke har torvtaket misst nokre tårer og laga fine istappar...


Noatun er eit namn frå Nordrøn mytelogi. Hytta var bygd i 2006, er komfortabelt innreda og godt utstyrt. Den har 4 soverom (2 dobbelt rom og 2 med familiekøye) så der er bra plass, også til to familiar.

Frå dei store vindauga i sydleg retning ser ein halve Breim!! Med Eggenipa som
prikken over i-en, eg tok visst ikkje bilde i den retninga i dag.
Vi fekk besøk av nabo-hytte-folk, som baud på kaffi og bollar. Tusen takk, det smaka etter snørydding!
Sjå så høge snøkantane er, høgre enn dei muntre damene! Og det som ser ut som eit gjerde er altså kraftlinja.... rett nok ikkje monstermaster då men...



onsdag 2. februar 2011

Kyndelsmess med godt varsel...!!

Kyndelsmess kom med mildvêr! Då skal det visst bli tidleg vår og fin sommar! Det trur vi på, inntil vi i motsatt fall ser noko anna.... Uansett så er det ei fin tid no framover, med meir lys for kvar dag.

På Bjørkheim sa vi oss ferdige i dag med oppussings-prosjektet på loftet. Vi var godt fornøgde, og dei som bur der får eit fint "nytt"soverom.
Vi er tilhengar av å ta vare på tregolva.
"Eit tregolv kan nesten vara evig, veit du....kan alltid lakkast oppatt!"
(heilt fritt etter Skigardsvisa...!)
Tausa er heime på vinterferie og tek gjerne eit tak med lakkosten.


Sjå no berre so blankt og fint det vart!







LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...