tirsdag 25. mars 2014

Jenny-hytta

No vart Jennyhytta tom, og vi nyttar høvet til litt oppgradering. Glaskarmar, dører og listverk er blitt kvitmåla i peisestova.

Den små stova vart fin i lys dueblå farge, og dørene kom til sin rett!

Mine foreldre sin gamle radio (og kasettspelar) fekk bli med og underhalde oss i arbeidet!!
Kjøkkenglaset vart også lysare....


Jenny-hytta ligg koseleg til i eit roleg hjørne av Byrkjelo, med vakkert utsyn mot dalen og fjellet Eggenipa. Tidlegare bruka vi hytta til turistar, men dei siste år har vi leigd den ut til fastbuande, sidan den ligg så pass langt frå garden.  Der er to små soverom, gang og eit bra stort bad, desse er bra nye og trong ikkje til oppussing no. Så er det taket som står for tur, det var planlagd torvtak, men no går vi for eit lettare tak. " Dekra" er bestilt, og eit nytt større glas mot denne fine utsikta som du ser her.


torsdag 13. mars 2014

Isen går

Isen på vatnet har losna og flyttar seg  litt att og fram alt etter om det bles eller ikkje. Svanene kosar seg ved iskanten. I heile vinter har her vore ei svane aleine. Ho Svanhild, som eg kallar henne, er nok blitt enke, eller har skada seg litt. Frå bygda kom det inn ein stor flokk no det har ryktast at her er begynnt å bli ope. Her er fine beiteforhold for desse, som er på "sydenferie" her hjå oss! Kjekt for Svanhild å få selskap og no flyg ho på turar ilag med dei. Greier ikkje koma nærare diverre, då fyk dei, linse har eg heller ikkje.
Det er heilt uvanleg at isen fær såpass tidleg. Men so har det vore ein uvanleg vinter også, mild og utan snø. Men no seier vêrvarslinga vinterlege tilstandar neste veke...... vi får no nett sjå.


mandag 10. mars 2014

Ølbollar

Ølbolle, patinert og mattlakka, ferdig til levering. Rundt kanten står eit personleg rim som eg ikkje syner her. Rimet skal sei noko om eigaren, eller om ølet. Eller begge deler, om ein kan få til det...! Eks:" Han Ola på Bakken er min vert, han bryggjar ølet so godt og sterkt!"

Dette er ein veldig stor bolle, levert sist år. Rosa er mi eiga, men inspirert av eit gamalt mønster frå Nordfjord. Teksten under er også gamal: Velkomen vener være, for godt behag og dykkar ære!!


TRINN FOR TRINN

 Etterjulstida er travel på målarfronten. Lag og organisasjonar skal ha årsmøte, der utvalde skal takkast for stor innsats. Her er det eg kjem inn, med t.d eit fat med namn og nokre velvalde ord, som eit minne på veggen, for ettertida.
 Nokre kritstrek må eg ha som rettesnor. Målingen er smidig olje kunstnarfarge. På raudt: nesten alltid svart pluss to fargar, her lys blå og gulkvit. Den kvite lyser opp og løfter rosa.
 Fatet må tørke ein 5-6 dagar, el gjerne meir, før eg tek bort kritstrek og patinerer. Dvs påfører ein brun lasur som eg for det meste tørkar av igjen. Det gjer at både botnfargen og mønsterfargane fell meir ihop og ikkje blir så skarpe som dei ser ut her på bildet.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...