onsdag 2. april 2014

Ei hagl byge

I kakeboksane var det tomt, nei jula varer ikkje heilt til påske...! Kjekt å ha sjokoladeskorper på lur, og spesielt med hagl på! Har bruka perlesukker på dei før, men no måtte eg prøve hagla som eg har fått med tyske gjester. Eg er så heldig å få forsyningar med litt av kvart lurt, frå ymse verdenshjørne! Desse er frå Birgit, som bur i Schwarzwald, og ferierer i Sandal kvar sommar.

Sjokoladeskorpene er eit godt og enkelt alternativ til kjeks eller noko anna søtt. Dei er nesten "sunne", med mykje kakao og lite sukker. Kanskje har eg blogga oppskrifta før, men kan ta den med: 5 dl kveitemjøl (noko kan gjerne vere finmale grovt el. små havregryn) 2ts bakepulver, 4 ss kakao, 100 gr smør, 2dl sukker ( gj halva sukrin) 2 egg + eit til pensling.
Pisk egg og sukker, smelt smøret, bland i det tørre, og elt ihop. Del deigen i fire, trill ut kvar del til ei pølse som passar med lengda på steikebrettet, trykk dei litt flate. Pensle med egg og strø på perlesukker, hakka mandlar el det du likar. 225 gr, 10 min, midt i omnen. Avkjøl litt og skjær på skrå med ein skarp kniv.
Med ein fin kopp til te eller kaffi, vert det ei lita feststund når nokon stikk innom! Sjekk forresten min aller nyaste gamle kopp......! ( Frå Ingvilds brukt porselen, Byrkjelo)


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...