torsdag 14. april 2011

Gulna albumblad...

Inspirert av ei anna Aud som hadde lagt ut barndomsbilde på Facebook, kjem her nokre uskarpe kopiar frå mitt gamle album....

Brudebildet av mine foreldre er frå krigens dagar, bryllaupet vart feira på hennar slektsgard i Ese. Mor mi var frisør i byd`n, hjå Ernst i Vaskerelven, den salongen finnst faktisk framleis....! Far min var møbeltapetiserar ved ei møbelbedrift på Søfteland. Desse to sogningane møttest i Bergen.



Sveisen til mamma var nok veldig moderne sidan ho var frisør, og far min sin sveis hadde ho vel sikkert styla også...




Her er paret flytta til Amla, og blitt ein kjernefamilie med to born, ofte det vanlege i femtiåra.




Det nye huset er måla kremkvitt med mørkeraude lister. Det er nok nasjonaldag, og besøk av einkvan med fotoapparat... Min kjære bror er 6 år eldre enn meg, veldig snill og var tidleg mitt store forbilde!




Denne kjolen har eg i mine skuffer. Den vart påstrikka i livet, og var nok i bruk i fleire år.




Gyngehesten finnst framleis, hjå bror min sine barnebarn. Matrosdress på gutar, og sløyfe i håret til jentene var standard. Og oppi bakken står buret der det var høne med kyllingar mest kvar sommar. Ein gong vart eit hønsegg klekt ut i eit skjorareir, men med same kyllingen kom ut var katten der og tok den... Katten var eg glad i, men ikkje den dagen!




På "kaffitur"(som det heitte) med robåten utover stranda til Laugars-nes. Ser ut som ein god søndag med brusflaske i neven! Eg hadde fått permanent, "negerkrus" (hysj... heiter ikkje det lenger), ein sveis som nok berre var forbeholdt småjenter med frisør i huset ... Fotografen var nok Kjell, som fekk eit lite kamera til konfirmasjonen.



Eit typisk bilde frå mi barndoms/ungdomstid! Sommar var båt, fisking, bading. Bak i båten besteveninna Eli (eller var det du AnneM kusine som tok bildet?) badetøy, luftmadrass og oftast ein platespelar.... Det var ein mykje brukt sport å ro så nær ferjene som råd. Ja galne jenter fannst det før også!




























LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...