fredag 17. september 2010

Bonden sin draum...

Endeleg fekk bonden oppfyllt sin draum om ein tur i småfly, han var "2.pilot" hjå Nik`en i lokalavisa, som eig flyet.... Like til høgre for flyhjulet her kan vi i k k j e sjå ein raud prikk, som er meg nede på garden, med hjartet i halsen....!
Heilt unødvendig med raud t-skjorte, bonden hadde ikkje sett meg :o(

(Men takk for lånet av bilda, så får du heller denne overraskinga her!)

Sandalsgardane. Ettermiddagsola lagar litt lange skuggar på granene, mest som sypressar!

Strupen, fossefalla ned mot Myklebust

Sandal igjen, vatnet har ein nydeleg farge sant? Garden vår rekk frå den lange stripa med rundballar og framover. Den andre kvite stripa er vegen ned til det nye fellesfjøset. Naustet vårt ligg litt gøymt ved elvosen inni hjørnet der...

Platået på (heksefjellet) Vora, skiljet mellom Sandal og Bergheim. (heksene er ikkje å sjå...)

Myklebust brèen med Snønipa som høgaste punkt.

Ser ned mot Eggedalen og Bergheimsvatnet, med den karakteristiske Eggenipa


Berre frå desse bilda kjenner eg flyskrekken sige på..... Kun nokre dagar til bonden og eg skal på ferie og opp i eit (heldigvis for meg) mykje større fly.


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...