| Det vart ein nydeleg midtsommarkveld dette året! |
| Ei av dei ivrigaste fiskarane... |
| Etter grillmat kom endeleg natronkaker og lefser på bordet.... og no vert bålet tent. |
| Lita jente og liten hund |
| Det vart ein nydeleg midtsommarkveld dette året! |
| Ei av dei ivrigaste fiskarane... |
| Etter grillmat kom endeleg natronkaker og lefser på bordet.... og no vert bålet tent. |
| Lita jente og liten hund |
Det var ein nydeleg søndag ved Gloppefjorden! Frå Anda, (ein halvtimes køyring heimanfrå) ser vi over mot Hestenesøyra.
|
| Det vesle fyrtårnet syner veg inn fjorden til Sandane. |
Vi ser Devik. Der er gardane så bratte at dei treng å gjerde hønene inn på berre tre kantar....seiest det!! Firmaet "Høgt og vilt" (!!) driv urteproduksjon der.
|
Midt i bildet ligg "Heksesteinen". På denne idylliske staden vart mange kvinner, og nokre menn, brende som hekser .....
|
| Her er Lotsberg, også høgt og fritt! Midt i bildet bur ei ung dame som vev vakre åklær, medlem i handverkarlaget ARV som eg. Ho har eit fantastisk utsyn frå si vevstove! |
| Eit enkelt måltid med lukta av tang og fjord.... mmmm... og favoritt-tur-koppen frå barndomen!! |
| På leikestova har det laga seg ei flott gardin i dag!! |
| Ikkje lenge etter eg tok bildet ramla den ned.... Øyeblikkskunst kan ein vel kalle det! |
| Roleg på leikestova no, men i dag køyrer vi for å henta småjentene for ei veke, så då vert det liv i leiren igjen!! |
| Dei søte primulane fekk seg nokre kalde grader i natt.... |
| Bålpanna er blomestativ enn so lenge, men no vert vi mange i garden så det blir nok pølsegrilling....! |
| Mindre heldigt for dei som ikkje er under tak.... slik er her i dag! |
| Einaste fonna av gamal snø fekk også fornye seg litt! I restane etter snøhytta her frå vinterferien fann eg diverse skattar... |
Det har vore ein flott dag med høge temperaturar!! Eg let "viktige" ting skure og har jobba ute (med kortarma :o)) i heile dag, herleg! Ser på Yr at no blir det regn og endåtil snø her ut i veka... så då vert det vel ei kortvarig bløming på krokusen :o(
|
Men her er ein som ikkje tek sorgene på forskot..... Det gjeld å nyte nuet!
|