Ny av året... lilla hagestorkenebb
torsdag 6. august 2015
Endeleg...!!
Endeleg litt sol og varme...!! Katten kosar seg i leikestova og turistane fiskar og går på tur.
Urtehagen har blitt mindre år for år, men dei viktige timian, sitronmelisse og oregano består!!
Ny av året... lilla hagestorkenebb
Ny av året... lilla hagestorkenebb
lørdag 11. juli 2015
fredag 26. juni 2015
SANDAL frå lufta
| Helikoptertur var det nye tilbodet på Jonsokafta i år!! |
| Vi var så heldige at vår unge nabo som er pilot i Airlift, arrangerte dette. Han var ikkje store karen då han broderte "AIRLIFT" på ei pute han laga!! Planen var klar... |
| Eg som elles har litt flyfobi kjende meg ganske trygg! Her ser vi ned til nabogrenda, Myklebust. |
| Gjennom vindauget vart ikkje bilda heilt klåre, men her er grenda vår med Sandalsfossen i bakkant. |
| Lonevatnet og utover i bygda |
| Byrkjelo, dei store bygningane er TINE |
søndag 14. juni 2015
Lukke
onsdag 10. juni 2015
Brudekjolen til oldemor...
I samband med eit kåseri eg heldt, om bryllaupsklede, hadde eg mor mi sin brudekjole på utstilling.
Då bror min sitt barnebarn kom på besøk fekk ho lyst å prøve kjolen til oldemora si, frå 1940. Og den passa perfekt!! Og var nydeleg til henne...
Kjolen er i eit veldig fint, litt mønstra stoff, enkel smal fasong, med vaffelsaum over skuldrane, hemper og knappar heile ryggen ned. Kjøpt i ein brudesalong i Bergen, der mor mi var frisør. Kjolen var brukt berre denne eine gongen, men kven veit, kanskje ein dag i framtida ....??
| Bryllaup på slektsgarden i Ese, med mange gjester og dans på låven. |
mandag 8. juni 2015
mandag 1. juni 2015
Sengegavl i Nystova
| Hadde ei gamal seng på låven som eg fekk lyst å bruke til ny sengegavl i eine soverommet i Nystova |
| Både solid vask, kunstnarfarge og lakk måtte til.... og litt monteringshjelp frå bonden. |
Abonner på:
Innlegg (Atom)