søndag 4. mars 2012

I helleberget

Søndagsturen gjekk til helleberget i Almenningen i dag! Eg elskar furuskogen der, lukta av den, og på våren vert der tidleg bart. Det er berre eit kvarters biltur unda. Bergheim har skogsteigar der, difor har vi vore der mykje. Huset vårt har tømmer derifrå, og utallige bærturar har gått dit.
Området er fullt av kulturminner då her var ein stor industri med kamping av heller til tak, trapper og steinbord. Minner etter den tida finnst her rikeleg av enno.
Ryssdalshorn er det majestetiske fjellet vi ser derifrå.

Små idyllar er her mange av

Steinheller ligg her i dungar, dei ligg godt.... det er for langt og tungt å bere dei derifrå! Tidlegare var her små taubaner og hestane, som var til arbeid i den tida, tok seg fram på bratte stiar.

Utsyn over Breimsvatnet til Reed og Kandal

Ei av dei vesle tømmerhyttene, som arbeidarane sov i, er som eit musèum no




Dei fine rosekoppane uten hank....

Her er mønstrene til lappheller og til dei firkanta takhellene

Mange slike kampebord kan ein sjå.

Redskap til kampinga, alt for hand. Men til å sprenge ut berget vart det nytta dynamitt.

Vår


Ved husa våre på Bjørkheim er det bart og fint vorte! Det var på tide å rydde opp etter at Dagmar hadde lagd ned nokre tre der. Slik kom vi noko tidlegare enn vanleg igong med veden, her i dalen vår ligg snøen endå tung over den stormfelte skogen. Vi fekk ein herleg laurdag i sola!


Stuane har reist seg oppatt når toppen var vekke, ein må jobbe i varsemd med rotvelter....

Her heiter ikkje Bjørkheim for ingenting!!

Gåsungane var i ferd med å kome på selja vi tok vekk

Eggenipa markerer seg flott i synsranda! Bonden rettar ryggen og nyt "sitt fjell".....!


torsdag 1. mars 2012

Meir lys


Gongen som vart "mellomgong", hadde to veggar med panel som var blitt ganske mørkt, men eit par dagars måling gjorde susen!! Slikt arbeid er kjekt...... når det går fort å få litt forandring, då er eg rask.


Både gulna panel og rosa lister forsvant i ein fei, og denne kommoden som var lasert mørk blågrøn (ved forrige oppussing) kom med i dragsuget...  Dekoren fekk stå i denne omgong.
Vi fann den  på låven då vi flytta hit. Eine skuffa hadde gamlekarane bruka til å blanda sement i!! Men bonden tok av høgda, slik at den vart brukande med dei tre skuffene som var ok. Den var brun og no ville eg sikkert ha lika den original, men fyrst på 70 talet vart den måla knall gul. På åttitalet vart den kvit, før den fekk litt dekor og ein rosaraud farge utpå nittitalet. Ja, ja, den er solid og kan tole nokre omgongar endå....!


Ein litt lysare velkomst......




Eit lite minne om den gamle telefon plassen, då ein måtte stå der å prate, i det som eingong var ein kald gong, så samtalane begrensa seg sjølv....!  Fax kjem det no heller skjeldan, men den er så god til omkobling av telefonen når eg går ut, for i fasttelefonen er det no enno liv iblant!
                                                                                                                                                                                               

søndag 26. februar 2012

Breimsbygda skisenter/ Utvikfjellet

Vi har eit skieldorado berre 10 min heimanfrå! I dag var det både søndag og sol....jippi!!

Det største utfartsområde i fylket, her er det rom for alle interesser. Skiheisar, løyper, bortover-tur, lett tur, lang tur, bratt tur, topp tur....! Og kafè- tur  :o))  om ein vil berre det...


Mot Voraplatået

Vi ser Eggenipa og Bergheimsvatnet nede i dalen

Det vart ein lett ettermiddags tur på den sokalla "latmannssida" i dag.....bonden i godt driv!

Her var det kaffipause med utsikt innover til vår dal,  Sandalsvatnet ser vi såvidt.

Kringle og sjokelade mmm.... og min gamle turkopp frå barndomen!!

lørdag 25. februar 2012

Vår vesle ballerina...


I vinterferien har vi fått nokre opptredenar av vår 3 årige ballerina...! 
Ho opptrer svært gjerne, og bør vel få begynne på eit "dansekurs" snart


Ein liten pust i bakken før neste forestilling

torsdag 23. februar 2012

Den gamle låven

 Litt blå himmel bak den gamle låven....!! Ikkje så mykje vi har sett av sola enno i år, men ho skal skine ganske lenge no .Frå 12 mars skal vi ha henne heile dagen, då må vi få meir klarvêr!


Hans Reielson Sandal bygde låven før han for til Amerika for å tene pengar... Kona og borna drog etter, men dei kom ikkje tilbake. Eine dotter hans har vore her ein gong, men no er ho ikkje i live lenger.



Bonden er ute for å måke snø, no er vi pittelitt lei av den!! Men det vert nok vår i år og...

fredag 17. februar 2012

Vakker aldring...

Tulipanar som held på å misse blada får slik ein skimrande nydeleg blom.....

Desse har gleda meg i mest to veker no!! Takk til gode vener for tulipanar og søndagsbesøk!

Tenk å vera så vakker til siste stund .......

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...