I Breim var det skilsmissegrunn før i tida visst ikkje gardkjerringa kunne lage kompar...! Eg hadde verken husmorskule eller så stor innsikt i koking då eg vart bondekone, min bonde var mykje betre på matlaging enn eg..... men kompar var ikkje mellom hans livrettar. Det er først i dei seinare år at vi er blitt glade i denne tradisjonsretten, så ungane våre har diverre ikkje fått oppseding med kompar... Eg er for alvor byrja å lage det etter eg vart kjend med "raspeballmjølet", byggmjøl med potet!! Supert og raskt, 10 komparar på 5 min! Salta kjøt kokar ein time, ha bollane oppi og småkok ein time til. Kålrot kokar med dei siste minuttane. Det m å vera salta lammekjøt, slik at godlukta breier seg i heimen... Lukke til! |