fredag 19. mars 2010

Nostalgi

014

Er visst i det nostalgiske hjørnet i dag!! Syner hermed eit lite “still leben” frå heimen. Den handmåla søte rose- bollen var gåve frå mine nabodamer til min 40 års dag…… og muggane er mykje eldre!! Eg er veldig svak for romantisk gamalt porselen…


Vaske hytter eller måle kaketine var det visst eg skulle gjere på no, men….. skulle nett sjekke e post og legge inn nokre bilder på PCen først, og så havna eg brått opp her på bloggen istaden…! Får jobbe lengre i kveld, ikkje anna å gjere med det!

Meir nostalgi

017

Barndomsminne frå 50 talet…… stolen var laga av storebror, som julegåve, og dokka høyrde til den fine kremfarga Grepa dokkevogna med kalesje, som var gåve frå besten…… Ei slik vogn ville eg gje litt for å få tak i no!

Ny og gamal….

004

Den slanke dama kjøpte vi i Chile i 07, slike “ black ladies” var svært populære då denne radioen hadde si velmaktstid!

Ellisiv sin vinterbukett


013


Den må vel bytast ut i noko freschare no når det vårast…….!

Du vesle speil på veggen der….

009

Spegel gjev fin effekt! Dette er ein liten baderomspegel from the 60’s…… and for the 60’s? Eg feirar med lys at det regnar ute!!

lørdag 13. mars 2010

Første vårtegn her!!

004

Pelargonium morplantane har byrja å vekse under lys no…. Var litt sein med å setje lys på dei i år for det var kaldt så lenge. No er det endeleg blitt mildare, men i dag laver snøen ned. Det er godt for skitrekket, der var det blitt ganske slite. Også for kraftverket vårt, snø på fjellet er som pengar i banken! No står det heilt iro, også i springen vår er det tørt!!


Vatnet har frose til tross for at røra ligg to meter djupt! Det er under tunet der vi må halde det fritt for snø…… Men vassvegen er heldigvis ikkje lang, og vi er bra stilt som kan dusje og vaske klede i hytte Håja…

005

Dei små pelargonium babyane mine ventar på å få nye røter. Kun i høve fotograferinga er dei plasserte i min finaste te kopp…..!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...