tirsdag 24. mars 2015
tirsdag 17. mars 2015
Vår i dalen
Kring husa er det bart no, men nedom lada, der det har rasa frå taket, er det snødungar framleis.
Bonden sagar ved
Solbærtrea har fått litt frisering i dag, det var nydeleg å vera ute, 11 varmegrader på ettermiddagen.
Dei første vårblomane dukka opp med det same snøteppet smelta, heilt fritt for tele i år.
Bonden sagar ved
Solbærtrea har fått litt frisering i dag, det var nydeleg å vera ute, 11 varmegrader på ettermiddagen.
Dei første vårblomane dukka opp med det same snøteppet smelta, heilt fritt for tele i år.
| Ein gul liten stemorsblomst stod også klar under snøen! |
| Snøklokkene er komne godt i gong, og krokusen er så vidt begynnt. |
| Isen på vatnet har komen mest ut til naustet vårt, med litt regn eller vind forsvinn den snart. |
lørdag 14. mars 2015
60-tals stova restaurert
| FERDIG!! Då vi først måtte legge nytt golv pga vasskade, måla vi veggane og skifta eine glaset. |
| Litt ommøblering vart det og, men dei viktigaste tinga er på plass igjen :) |
| Hårtørka frå mi mor sin frisørsalong virkar fint, så her kan ein berre få hårrullane på plass og kose seg med eit vekeblad, for exmpl Alle Kvinner frå 60 talet!! |
| Med perleband og stiva undersjørt, då er ein kledd! |
| Colakjølaren vart funnen ved vegen i ei storbossinnsamling, no med billakk og ny logo. |
| Her skal bli kaffi og konfekt.... og sikkert ein Elvis låt! |
tirsdag 10. mars 2015
Meir møbeltrekking
torsdag 5. mars 2015
Møbeltapetisering
| Eg har trødd til med målinga, samt sying av pyntesnorer, slik eg eingong lærde i far min sin verkstad, og som den sjølvsikre Enok i "Anno" seier: Dette kan eg!! |
| Tverrgåande fjører i sete og rygg frå ein kassert lenestol, og skum av god kvalitet, så vart det bra. |
| Handalag og godt verktøy attåt! "Blyanten" har magnet i enden og held stiften på plass mens ein bankar. |
| Med pyntesnorer framme og pynteknappar bak, vart det nesten profft...! |
| Ferdig med vårt "Mesterstykke"! og stolen er kjempegod å sitje i! |
| |
Abonner på:
Kommentarer (Atom)