.
onsdag 19. november 2014
Roser
Fekk lyst å måle nokre søte små roser her ein dag...
Julemarked på Nordfjord folkemuseum den 6.desember, eg har tenkt meg attende dit i år.
søndag 16. november 2014
NOVEMBERLYS
Ein vakker morgon....! |
Heile verda var rosa i dag tidleg, skulle tru det ikkje fannst noko vondt nokon stad... |
Tykkjer det er berre i november det kan bli slik, det må vere noko spesielt med lyset på denne tida. |
onsdag 12. november 2014
Ved det normale...
Vatnet er også tilbake til det normale, naustet har fått land og strand igjen attmed seg |
Dei sauene som har berga seg frå slaktebilen, og skal føra slekta vidare, kosar seg ute enn so lenge. |
FLAUM, Okt 2014
Sandalsvatnet har vore stort mange gonger, men aldri så stort før. |
Sitjeplassen ved elvemunninga er heilt under vatn.... |
Elva gjekk langt over sine bredder |
Jordblanda overflatevatn strøymde inn i snikkarbua, shitt... og vidare inn i vaskekjellaren, der er heldigvis betonggolv og god sluk. |
Nokre bilder tekne tidlegare. Det er ganske mykje som må ryddast ut, før vi kan legge nytt golv. Er berre glade for at vatnet kom på dagtid og at vi var heime, så det kunne begrensast så pass. |
Abonner på:
Innlegg (Atom)