So vart vi velsigna med julesnø.....! Etter lang tid med bar mark og fine vegar var det berre heilt ok.
søndag 21. desember 2014
JULESNØEN
So vart vi velsigna med julesnø.....! Etter lang tid med bar mark og fine vegar var det berre heilt ok.
onsdag 19. november 2014
Roser
Fekk lyst å måle nokre søte små roser her ein dag...
Julemarked på Nordfjord folkemuseum den 6.desember, eg har tenkt meg attende dit i år.
.
søndag 16. november 2014
NOVEMBERLYS
Ein vakker morgon....! |
Heile verda var rosa i dag tidleg, skulle tru det ikkje fannst noko vondt nokon stad... |
Tykkjer det er berre i november det kan bli slik, det må vere noko spesielt med lyset på denne tida. |
onsdag 12. november 2014
Ved det normale...
Vatnet er også tilbake til det normale, naustet har fått land og strand igjen attmed seg |
Dei sauene som har berga seg frå slaktebilen, og skal føra slekta vidare, kosar seg ute enn so lenge. |
FLAUM, Okt 2014
Sandalsvatnet har vore stort mange gonger, men aldri så stort før. |
Sitjeplassen ved elvemunninga er heilt under vatn.... |
Elva gjekk langt over sine bredder |
Jordblanda overflatevatn strøymde inn i snikkarbua, shitt... og vidare inn i vaskekjellaren, der er heldigvis betonggolv og god sluk. |
Nokre bilder tekne tidlegare. Det er ganske mykje som må ryddast ut, før vi kan legge nytt golv. Er berre glade for at vatnet kom på dagtid og at vi var heime, så det kunne begrensast så pass. |
torsdag 23. oktober 2014
NY VETERANTRAKTOR
Raud og fin i lakken, og heilt i orden på alle vis!!! |
Den kom godt stroppa på ein stor bilhengar. |
mandag 8. september 2014
STØYLSDAG 7.SEPT
Sandal Krins byd inn til Støylsdag |
Det er stas å få vera med på traktor-safari opp dei bratte bakkane!! |
Her var to ekstra spente som aldri hadde vore på Sandalstøylen før.... |
Og nokon fekk reisa i lenestol på 1.klasse!! |
"Hølkje" til å bere mjølk på ryggen, det tek 23 liter |
Super spekekjøt, veldig kortreist!! |
Rømmegrauten smaka fortreffeleg på stølsvollen! |
Dei flinke som "styrte med det". Heldige vi som har eit så dugande krinsstyre :)) |
Ingebjørg fortel om historia til Sandalstøylen og støylslivet før. "Og alle var samde om at det hadde vore ein flott dag!" |
onsdag 13. august 2014
Ved Panoramavegen
Litt lenger inne, ved Sagedammen er også eit must å stanse. Her er eit nydeleg område, bygd opp av dei driftige folka på Nordsida. Her er m.a. eit historisk sagbruk som er heilt komplett. |
lørdag 21. juni 2014
21.juni 1969
Gjet om det var ein som hadde vore ute og plukka prestekragar til meg i dagtidleg.....!!
45 år med verdens beste og snillaste mann, so heldig er eg!! |
Kruna og pynten kjøpte oldefaren min i Bergen, då han var der med jekta si og fekk premie for den fine frukta frå Sogn. Eldste sonen skulle gifta seg når han kom heimatt. Men det vart ikkje bryllaup, for då faren kom heim hadde sonen døydd i blindtarmbetennelse. Han hadde bede bror sin å ta seg av kjærasten hans, og det gjorde han so bra at dei vart gifte sommaren etter.....!!
Kjelvet har nok ikkje blitt mykje nytta til dette bruk....! Verken brudgommen, eller min forlovar og gode barndomsvennine, ser ut til å late seg skremme noko særleg av denne nybakte bondekona...
Eit bilde frå den kortreiste bryllaupsturen, ei overnatting på Eggestøylen! Hesten var no snill ... |
Limusin service heim frå mjølkeplassen i beitet... |
Denne kjekke familien kom eg til! |
Abonner på:
Innlegg (Atom)