Feriehusa Håja, Annestova og Nystova, i snø og sol, sist i oktober. |
Bustadhuset på garden. Velkomen til Sandal Gardsturisme! |
God jul til alle som ser innom bloggen min! |
Feriehusa Håja, Annestova og Nystova, i snø og sol, sist i oktober. |
Bustadhuset på garden. Velkomen til Sandal Gardsturisme! |
God jul til alle som ser innom bloggen min! |
Annemieke spinn på den nye rokken sin.....! Ull frå spælsau blanda med lin m.a. gjev nydeleg garn. |
Oddlaug sine spennande vevarbeid, med lin og plast! |
Smettvev frå Anne Britt si hand, kaketine laga av Olav og måla av Aud |
![]() |
Anne Britt sin vev, kaketine og bolle måla av Aud |
![]() |
Nordfjordbunad sydd av Liv Tone |
![]() |
Anne Britt vev sitt eige øyrepynt....!! |
Ullkunst frå Annemieke |
Aud si måling
ARV held til i Nordfjord, dei fleste medlemane bur i Gloppen kommune. Vi har felles marknadsføring, sjå gjerne nettsida www.arv.no , for nærare omtale av den enkelte. Vi har eit sosialt samvær og deltek gjerne på div. utstillingar/aktivitetar ilag. Elles arbeider vi kvar for oss.
I den koselege butikken "Hyggeliv" på Sandane, kan du imellom anna morsomt og fint, finne Annemieke og Oddlaug sine arbeid.
|
Karane jobbar med å få vekk store steinar som har lagd seg midt i elva og fører straumen bort under brukaret, det er både glatt og kaldt.....
|
Vakre Sandalstøylen i haustskrud |
Brua vart frakta opp att med helikopter for 20 år sidan, då ismassar førde den med seg ned mot fossen. Jarnkonstruksjonen vart heva på støypt fundament, så vi har ikkje lyst å misse den igjen....Den har sidan stått for både orkanar og store snømengder!
Brua er til nytte for mange her ved innfallsporten til vestleg del av Jostedalsbrèen Nasjonalpark. Dei som går i fjellet tek det gjerne som ei sjølvfylgje med bru over elva, og tenkjer kanskje ikkje over kor mykje arbeid mange grunneigar har for å legg til rette for ferdsel.
|
Den siste veden etter Dagmar si framferd skal i hus!! Vi har også nyleg rydda i utsikta vår mot vatnet, så det vart ekstra mykje ved i år.... |
Nei, veden skal vi ikkje spare på, seier bonden min, det er nok av skog som skal vekk her i landet!! |
Vedkløyvaren er ei fin oppfinning... |
![]() |
Utsikt over Sandalsvatnet, i retning Byrkjelo |
Det vart ein nydeleg midtsommarkveld dette året! |
Ei av dei ivrigaste fiskarane... |
Etter grillmat kom endeleg natronkaker og lefser på bordet.... og no vert bålet tent. |
Lita jente og liten hund |