fredag 19. november 2010

Grisen er "omkomen"

Griseslaktinga er over.... og godt er det. Ikkje den kjekkaste dagen eg veit akkurat! (Tok slett ikkje bilder...) Men julegrisen var lukkeleg til siste slutt, øsen over å få koma "ut på luftetur" :o(( Nei, Bonden kvir seg ikkje for å ta griseliv!

Eg likar den betre når den er komen i fine bitar på kjøkenbenken, og kan putte pakkar med steiker og kotelettar i frysen.
Saman med lam-og reinskjøt vart det masse kjøtkaker, veldig gode, med muskat, kvitløk og chili.
Då Bonden hadde koka grisehovudet i kjellaren, laga vi sylteflesk også, med mykje nellik.

Sylteflesket ser ganske fett ut her utanpå, men då det hadde lege i salt eit døgn og eg delte det i stykker var det flott stripa inni. Med rikeleg krydder mellom stripene og tynt skore, er det nydeleg på mi rugbrødskive...! Helst også med raudbitar.


Dei minste lamma slakta vi til oss sjølve, her rett frå fjellet! Lammerullane tek eg løk og oregano inni, pluss pepar og salt sjølvsagt, den ligg også i salt eit døgn. Verdens beste pålegg!

Her vert lamme ribbene/pinnekjøtet tørka litt før dei vert hengt opp luftig.



LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...